Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 13.11.2009

43 millionar kroner til Oppdølstranda

I juni 2009 gjekk det eit ras på rv 70 langs Oppdølstranda i Møre og Romsdal. – Regjeringa varsla allereie då at ein så raskt som mogeleg skal gjera strekninga tryggare, og no kjem dei første løyvingane på vegen fram mot dette målet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Det er lagt opp til at staten gir midlar til båttransport også etter gjenopning av vegen og så lenge det er naudsynt med alternativt transport. Kostnadane som er knytt til opprydningsarbeid, sikringsarbeid langs vegen, reparasjon av ferjekaier og båttransport i 2009, er rekna ut til å vere på 43 millionar kroner.
Av dette blir det foreslått å dekkja 41 millionar kroner over kap. 1320, post 31 Rassikring, medan 2 millionar kroner blir dekte over post 23. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 31 Rassikring med 41 millionar kroner.
I tillegg går staten inn med 10 millionar kroner til Follotunnelen i Vestby kommune. Desse pengane skal dekkje arbeidet som måtte gjerast etter at eit vogntog kolliderte med betongveggane og tok fyr i mai 2009.
Meirkostnader etter raset ved Løsberga sør for Steinkjer i juni 2008, er rekna ut til 67 millionar kroner. Dette er knytt til oppryddingsarbeid og trafikkavvikling i periodane med stenging av veg og jernbane. For å dekkja delar av utgiftene som må betalast i 2009, blir det løyvd 32 millionar kroner.
Desse endringane i statsbudsjettet for 2009 under Samferdselsdepartementet , er godkjende i statsråd 13. november 2009.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS