Pressemelding

Liv Signe Navarsete, leiar i Senterpartiet - 08.01.2010

Alle på jobb er jobb nummer ein

I Noreg er vi friskast i verda – men ingen har så mykje sjukefråvere som oss. Det er eit stort paradoks og ei stor utfordring. Senterpartiet ønskjer ein sakleg og open debatt om korleis vi kan behalde ei god sjukelønsordning og samstundes redusere sjukefråvera.

Eg er bekymra for auken i sjukefråveret. Utviklinga er urovekkande både for dei arbeidstakarane som mistar tilhøyre til arbeidslivet, for arbeidsgjevarane og for heile samfunnet. Veksten i Folketrygda sine ytingar til sjukepengar og uførepensjon er no så høg at det kan fortrenge viktige velferdsoppgåver innan omsorg, helse og utdanning. Det kan ikkje aksepterast. Om den negative utviklinga i sjukefråveret fortset i neste periode, så meiner Senterpartiet det er naudsynt å finne ein måte å finansiere utgiftene på, til dømes auke i trygdeavgifta eller arbeidsgjevaravgifta. Auka utgifter til sjukefråver vil elles gå på kostnad av andre viktige oppgåver som skule og eldreomsorg. Alternativet vil vera å kutte i ordninga.

Sp har programfesta at prinsippet om full løn ved sjukdom ligg til grunn. Nedgong i sjukefråveret skal ikkje oppnåast gjennom redusert yrkesdeltaking og eit hardare arbeidsliv. Vi må likevel ha ei opa tilnærming til nye og sterkare verkemiddel. Legane si rolle må vurderast og arbeidstakarane må bidra i prosessen gjennom ei styrking av pliktaspektet. For å lukkast betre med det førebyggjande arbeidet og for å motivere bedriftene, må vi òg vurdere om arbeidsgjevarane skal få eit større ansvar for langtidsfråveret. Viss det blir endringar innan dette området, er det viktig at småbedriftene sine særskilde behov blir vektlagde.

Senterpartiet er oppteken av at prinsippet om full løn under sjukdom skal gjelde for alle. Difor er Senterpartiet sitt mål at óg sjølvstendig næringsdrivande skal få full løn frå fyrste sjukedag. Arbeidet med å redusere sjukefråveret må dessutan sjåast i ein større samfunnssamanheng og førebygging må bli prioritert høgare enn i dag.

Sjukefråveret i kommunane er særleg høgt med 9,8 prosent. Det uroar meg. Privat sektor har til samanlikning eit sjukefråver på 6,7 prosent. Når fråveret i kommunane varierar frå 2,6 prosent til 16,9 prosent, tyder det på at nokon gjer noko rett, medan andre har ein for dårleg innsats. Dovre kommune er eit døme på godt arbeid. Der er fråveret redusert frå 10,5 prosent i 2005 til 6,7 prosent i år. Det handlar om arbeidsmiljø, folkehelse og utvikling av verkty som leiarar kan nytte for å handsame høgt sjukefråver. Godt leiarskap på alle plan i organisasjonen synest som avgjerande for gode resultat.

Me må lære av dei som har fått sjukefråveret ned. Kommunane kan spare 1,5 milliardar kroner viss dei reduserer sjukefråveret med eitt prosentpoeng. Det utgjer til dømes 3000 nye årsverk innan pleie- og omsorgstenesta.

Å halde folk friske og i arbeid er bra både for den enkelte og for samfunnet totalt sett. No skal vi ha ein open debatt om framtidas sjukeløn.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS