Pressemelding

Kystverket - 30.04.2020

Bedre risikovurdering for sjøfart i Arktis

Å operere i arktiske farvatn medfører risiko som skil seg frå andre områder i verda. Til no har aktørane som jobbar her ikkje hatt noko godt felles verktøy for risikovurdering som inkluderer desse risikofaktorane. Kystverket har leia eit arbeid for å utvikle eit verktøy  som kan bidra til auka sikkerheit for skipstrafikk i Arktis.
 

I Arktiske strøk eksisterer farar som ein stort sett ikkje finn i andre område.  Risikomomenta er for eksempel sjøis, hurtig endring i vêrforhold og store avstandar til assistanse og beredskapsressursar. For å unngå uønska hendingar som kan gi tap av menneskeliv, forureining eller materielle skader, er det difor avgjerande at alle som opererer i dette enorme området tar gode førehaldsreglar. Dei treng å gjere gode risikoanalyser for å forstå korleis desse Arktis-spesifikke risikoane kan påverke operasjonane.

Sikkerheit til sjøs
Slike risikoanalyser har fram til no vore basert på informasjon om generelle forhold og risikofaktorar frå andre farvatn i verda. Det har ikkje vore tilstrekkeleg. Kystverket jobbar både nasjonalt og internasjonalt for stadig betre sikkerheit til sjøs. Kystverket tok difor initiativ til å utvikle retningslinjer og ei verktøykasse for å kunne gjere betre spesifikke risikoanalyser for Arktis.

- Vi har hatt som mål å forenkle arbeidet med å utføre risikoanalyser for Arktis. Det ville vi gjere ved å skape ei felles plattform der dei unike Arktiske risikofaktorane er med, fortel seniorrådgivar og prosjektleiar for Kystverket, Trine Solevågseide.
- Forståing for korleis vêr, temperatur og havstrømmar påverker isen er veldig viktig for sikker sjøfart i desse områda. Vi ville óg gjere risikoanalyser for Arktis lettare å samanlikne. Desse retningslinjene vil bidra til det.


Internasjonalt samarbeid
Arktisk Råd er det leiande mellomstatlege forumet for å fremme samarbeid, koordinering og interaksjon mellom dei Arktiske statane, urfolk og andre arktiske innbyggarar. For å få med flest mogleg av dei andre Arktiske statane i arbeidet vart prosjektet lagt inn under Arktisk Råd si arbeidsgruppe “Emergency Prevention, Preparedness and Response” (EPPR). EPPR er ei av seks arbeidsgrupper i Arktisk Råd.

Arbeidet starta opp i 2017. Kystverket har leia prosjektet og retningslinjene har no vorte publisert. Dei inneheld beste metodar og datakjelder for å utføre risikoanalyser for region eller heile området relatert til skipstrafikk og operasjonar i Arktis. Retningslinjene er mynta på alle som er involvert i eller ansvarlege for å optimalisere risikohandtering for å forhindre tap av liv og akutt miljøskade i den arktiske regionen. Dette inkluderer myndigheiter og statlege organisasjonar som har myndigheit til å implementere beredskapstiltak, mellomstatlege og ikkje-statlege organisasjonar (NGO) og konsulentar. Retningslinjene adresserar også meir operasjonelle aspekt som kan vere relevant for andre brukarar; som for eksempel shipping-selskap.

Skal teste ut det nye verktøyet
Retningslinjene er basert på risikohandteringsprosessen definert I ISO 31000:2018. Den brukar dei seks stega i risikohandteringsprosessen, med nokre tilpassingar for å fange opp dei arktiske risikofaktorane.

- Kystverket vil no hauste erfaring og få tilbakemeldingar på nettløysinga der retningslinjene er presentert før vi vurderer vidare steg i arbeidet. Nettløysinga er eit heilheitleg verktøy og ei god byrjing på det som i framtida kan munne ut i ei risikoanalyse for heile Arktis, seier Trine Solevågseide i Kystverket.

Noreg har finansiert arbeidet.  DNV GL har vore innleigd som konsulentar.

Det vil bli arrangert eit åpent webinar for presentasjon av Guideline for Arctic Marine Risk Assessmeent 29. april.  For påmelding til seminaret, gå til: https://app.emarketeer.com/ext/form/survey.php?m=318806aca43decf26ab4afb276b7b2b24cb337d&sessid=v1--dublLwOc9F9w3-b7FmudujH~0lutkfj&page=0&edit=

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS