Pressemelding
Gunvor Eldegard, nestleiar (A) i Stortingets næringskomité -
12.06.2007
Betra konkurransekraft for norske bedrifter
Etter årelang venting blir no endeleg Noreg medlem av den europeiske patentorganisasjonen, EPO. Mange har venta på dette i over 30 år. Det skulle bli Stoltenberg-regjeringa som tok steget.
No vert det enklare og billigare for norske bedriftene å sikre seg patent i Europa og dei får same konkurransevilkår som sine utanlandske konkurrentar. Vi kan òg bli ei meir attraktivt land for utanlandske investorar, med dei same rammevilkår som andre land på dette området. Men det aller viktigaste er å fremme innovasjon i norsk næringsliv.
Oppnåing av patentrettar er ikkje eit mål i seg sjølv, men det legg grunnlaget for framtidige inntekter for bedrifta. Difor er det bedriftene si evne til å realisere verdiane av ein patent som blir utfordringa. Oppfinningar speler ei nøkkelrolle for den økonomiske utviklinga i norsk næringsliv. Bruk av patentvern stimulerer til vidare forsking, teknologisk utvikling og innovasjon. Eit patent er bevis på innovasjon og nytenking i din bedrift.
På grunn av aukande internasjonal konkurranse blir det stadig viktigare at bedriftene sikrar retten til den kunnskapen dei har gjennom patenter. Undersøkingar viser at norske bedrifter ligg langt bak dei internasjonalt beste i å verne om sin intellektuelle kapital, og det er bekymringsfullt. Bedriftene vil utvilsamt tene på å ha ei meir bevisst holdning til dette.
For at me skal kunne nå våre mål om auka verdiskaping er det viktig å bygge meir kunnskap, teknologi, utvikling og design inn i produkta våre. Ei slik utvikling er mellom anna avhengig av at bedriftene tener på å investere i forsking og utvikling. Då er vern av industrielle rettighetar avgjerande. Dette bør være eit viktig element i ein bedrift sin forretningsstrategi. Patentstyret gjer ein viktig jobb med å auke bedrifter si medvit om dette.
Internasjonalt kan Noreg no påverke politikkutforminga i EPO, då kvart land har ei stemme innanfor organisasjonen som teller 31 medlemmer. Me søker og no eit samarbeid med Danmark og Island sine patentverk om eit nordisk patentinstitutt. Danmark har 15 års fartstid i EPO og har fått mykje ut av medlemsskapet. Me har mykje å lære av Danmark, som på få år har erobra posisjonen som EU sin mest aktive nasjon når det gjeld å verne om varemerkar og design. Sidan Danmark vart medlem av EPO i 1990, er danskane si patentaktivitet tredobla. Stikk i strid med mange av spådomane har den danske patentbransjen klart å erstatte bortfallet av nasjonale patentsaker med større inntekter frå rådgjeving og vern mot den internasjonale marknaden.