– Transporttilhøva i Nord-Noreg er meir krevjande enn i mange andre delar av landet, og eg synes det er svært interessant at vi nå får høve til å teste ut autonome løysingar i vinterdrift, seier samferdselsministeren.
- Eg har og merka meg at delprosjektet «Førerløs Buss» truleg er den nordlegaste sjølvkøyrande bussruta i verda, og at prosjektet er nominert til det mest innovative mobilitetsprosjekt på konferansen «Smart City Expo World Congress», som finn stad i Barcelona i november, seier samferdselsministeren.
Digitalisering, automatisering og elektrifisering
Transportsektoren har over fleire år gått i gjennom store endringar. Digitalisering, automatisering og elektrifisering har endra korleis vi planlegg, betaler og gjennomfører reiser.
Nordland fylkeskommune og Smartere transport Bodø mottek tilskott frå Samferdselsdepartementet til mellom anna delprosjektet «førerløs buss». Gjennom prosjektet vert sjølvkøyrande bussar testa i ordinær trafikk i Bodø.
Smartare transport Bodø – ein av fem vinnarar
Konkurransen Smartere transport i Noreg vart lansert i 2017, og da vart fem fylkeskommunale prosjekt plukka ut som vinnarar. Nordland fylkeskommune og prosjektet Smartare transport Bodø var blant desse. Siste år for utbetaling vil vere i 2023.
|