Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 29.06.2023

Dåp av MF Hydra – verdas første hydrogenferje

 

– Regjeringa har ambisiøse klimaforpliktingar. Då er det med stor glede å få satt i drift verdas første hydrogenferje. Denne ferja vil bidra til å oppfylje regjeringa sine lovnadar i Hurdalsplattforma om å sikre utbygging av infrastruktur for klimavennlege skip, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsminister Jon-Ivar-Nygård deltok på dåpen av MF Hydra. Foto: SD

Sjølv om ferja har vore i drift sidan 31. mars i år, vart ferja døypt 29. juni. Ferja går i trafikk på sambandet rv. 13 Hjelmeland–Nesvik–Skipavik.

– Eg er glad dykk ikkje venta på meg med å starte drifta. Ferja har allereie frakta passasjerar til og frå jobb, skule, fritidsaktivitetar og familie sidan 31. mars, sa Nygård i sin tale under dåpen.

Gjennom Statens vegvesen har MF Hydra blitt eit viktig bidrag til at offentlege innkjøp bidreg til å utvikle og implementere ny teknologi. Ved å setje verdas første hydrogenferje i drift tek Noreg endå eit steg nærare målet om nullutslepp, både for ferje og anna industri, i Noreg og resten av verda.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård deltok på den offisielle dåpen 29. juni.

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS