Pressemelding

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø, Ap, Justiskomiteen - 08.11.2006

Drap skal ikkje premierast

Lesarbrev


I situasjonar der den attlevande forelder er dømd for forsetteleg eller overlagt å ha valda den andre forelderens død, er det i dagens regelverk ein regel, ”KAN-regel”, som gjer at ein kan miste rett til forsikringsutbetalingar, arverett og foreldrerett, men berre dersom retten avgjer ein slik dom. I media har vi lest om personar dømd for drap som kan få utbetalt heile forsikringssummen etter den drepne. Ordninga meiner eg strir mot folks allminnelege rettsoppfatting, og eg har difor bede justisministeren vurdere ei lovendring slik at ein automatisk misser arverett, foreldrerett og rett til forsikringsutbetalingar dersom ein er dømd for å ha valda den andre forelderens død.

Som medlem av Justiskomiteen meiner eg at det bør vere omvendt bevisførsel slik at den dømde automatisk misser rett til forsikringsutbetaling og arverett. Derimot kan ein ha ein tryggingsventil om å kunne gå til søksmål for å få rettane attende. I norsk rett er det vanleg at ein på likt med straffesaka tek opp spørsmålet om å fråta arveretten. Problemet oppstår først og fremst når dommen fell i utlandet, der dei ikkje har slik praksis.

Spørsmålet om foreldrerett vart endra i Barnelova. Tingretten skal i slike saker ta førebels avgjer om foreldreansvaret. Men ein må framleis gå rettens veg for at foreldreretten vert fråteken permanent. For meg verker det vanskeleg nok å kome i ein slik alvorleg situasjon for born og andre pårørande, om ein ikkje også må gå til søksmål for å hindre at den som utøvde ugjerninga mottek til dømes forsikringsutbetaling.

Det er dessutan dyrt og tidkrevjande, og ei ekstra belastning, for dei pårørande i ein situasjon prega av sjokk og sorg å gå til rettssak. Då verkar det meir rettferdig at det er krav om omvendt bevisførsel, dvs at ein automatisk misser denne retten til arv og foreldrerett, og at det er gjerningsmannen, og ikkje offeret, som må ta belastninga med å gå til ei eventuell rettssak.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS