Pressemelding
Senterpartiet -
19.04.2013
Ei Stortingsmelding for fleire gode dagar
–Morgendagens omsorg er ei stortingsmelding om korleis vi skapar fleire gode dagar for dei som treng omsorg i delar av livet. Vi tek viktige steg i retning av den moderniserte eldrepolitikken landsmøtet i Senterpartiet vedtok for få veker sidan, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.
Eldrepolitikk er ei av tre hovudsaker for Senterpartiet i neste stortingsperiode. Tidlegare i april vedtok landsmøtet eit ambisiøst program for ein meir individuelt basert eldrepolitikk, med vekt på folkehelse, pårørandesatsing og valfridom til å bu heime så lenge ein sjølv ønskjer. I dag legg regjeringa fram stortingsmeldinga Morgendagens omsorg.
– Sp har fått gjennomslag for ein meir aktiv pårørandepolitikk, ein strategi for frivillig arbeid i omsorgssektoren og større vekt på kvardagsrehabilitering, aktivitet og miljøterapi. Vi vil leggje til rette for at den eldste generasjonen får behalde god helse i fleire år, deltek meir i samfunnslivet og har styring over eige liv så lenge som muleg, seier Navarsete.
– Vi går også til kamp mot einsemda. Saman med stiftinga Livsglede for eldre innfører vi ei nasjonal sertifiseringsordning for livsgledesjukeheimar. Ein livsgledesjukeheim har vekt på aktiv omsorg, samarbeid med frivillige og den enkeltes sosiale og kulturelle behov, fortel Sp-leiaren. Ho legg også vekt på innsatsen mange pårørande gjer i dag.
– For Senterpartiet er det viktig at samfunnet verdset og støttar dei som gjer ein innsats for eldre og andre nærståande som treng omsorg. Regjeringa vil bidra til å styrkje omsorgsløna og byggje ut fleksible og føreseielege avlastingsordningar. Slik kan pårørande få fri til å ivareta eigne behov, hente seg inn og delta i sosiale aktivitetar, seier Navarsete.
Navarsete meiner nye måtar å arbeide på, ny teknologi og dialog med brukarane, pårørande og lokalsamfunna, kan løyse mange av utfordringane i omsorgssektoren. – Mange treng omsorg i delar av livet, særleg i eldre år. Det er samstundes viktig å styrkje både den heimebaserte omsorga og bygge ut nye omsorgs- og sjukeheimsplassar. Regjeringa legg også til rette for å styrkje rekrutteringa av dyktige medarbeidarar med god kompetanse. Tiltaka i Morgendagens omsorg skal gje pleietrengande og pårørande betre og enklare kvardagar, avsluttar Sp-leiaren.