Pressemelding

Stortingsrepresentant Petter Løvik Næringspolitisk talsmann Høgre - 28.03.2007

Ein fiskeripolitikk å stole på

Stortinget har nå til behandling saka om strukturering i fiskeria. Sjølv om vi i Høgre langtfrå er fornøgde med Regjeringa sitt forslag, er vi framleis interesserte i å finne eit breitt kompromiss. Men då må dei raudgrøne flytte politikken eit godt stykke i retning av det som Høgre og eit stort fleirtal i Fiskeri-Norge ønskjer.

Strukturering gir lønnsemd, rekruttering og betre miljø
Gode og lønnsame arbeidsplassar er viktigaste forutsetninga for ei livskraftig fiskerinæring. Eit av største problema i dag er at vi har for stor fangstkapasitet i forhold til ressursane. Skal vi sikre lønnsemd og rekruttering av ungdom til fiskeriyrket, må ein del av kapasiteten bort. Med Høgre i regjering vart det åpna for ei vidare tilpassing gjennom såkalla strukturering. Det vil seie at om eit reiarlag har to båtar som kvar har kvoter til å fiske halve året, må dei kunne fiske det heile med ein av båtane og la den andre ligge still. Dette vil gi betre lønsemd, sikrare arbeidsplassar og meir miljøvennleg fiske. Dei raudgrøne stoppa denne struktureringa, mot råda frå eit stort fleirtal i fiskerinæringa. Høgre meiner at det er viktig at vi snarast mulig kjem vidare i arbeidet med å strukturere fiskeflåten i Norge slik at vi kan sikre lønnsame og gode arbeidsplassar, og dermed ei god framtidig rekruttering til fiskaryrket. Regjeringa har nå tatt innover seg at fiskarane må kunne slå sammen kvoter for å redusere overkapasiteten i flåteleddet. Det er ein viktig seier for fornuften at dei nå i alle fall innser dette. Vidare strukturering er heilt nødvendig om vi skal få til ei framtidsretta fiskerinæring. Og det hastar med å kome vidare.

Vi kan ikkje bryte inngåtte avtaler
Det aller verste med Regjeringa sitt forslag er at dei nye reglane om tidsavgrensing for fiskekvoter blir gitt tilbakevirkande kraft. For Høgre er det ikkje aktuelt å støtte ein politikk som går tilbake på inngåtte avtalar. Det er i strid med vår rettsoppfatning. Høgre vil bidra til ein framtidsretta politikk som kan vere stabil over tid. Og då kan vi ikkje vere med på at spelereglane blir forandra undervegs på den måten som dei raudgrøne legg opp til. Fiskarane må kunne ha tillit til dei avtalane dei inngår.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS