Pressemelding
Ein må kunne bu og utvikle næringsverksemd i heile Noreg
Noreg er eit langstrakt land med store variasjonar. Det er svært ulike behov i storbyane og meir spreidtbygde område, og det er viktig at arealpolitikken reflekterer det. Det er viktig at planlegginga legg til rette for gode og attraktive bumiljø i både bygd og by. Senterpartiet vil gi kommunane auka handlefridom i arealsaker, til dømes når det gjeld kvar i kommunane nye bustadar skal byggjast. Det må bli enklare for folk som vil byggje bustadar utanfor bykjernen.
I dag er det forventning til kommunale styresmakter om at det skal byggjast høgare og tettare. Kommunane er nærast til å finne gode, lokalt tilpassa løysingar. Alt for ofte vert ynskje om å etablere bustader eller bustadfelt i spreidtbygde område møtt med motbør og motsegner. Om det ikkje er gangveg og hyppige bussruter på strekninga, vert det definert som problem. Senterpartiet meiner nasjonale føringar og retningsliner må ta innover seg nye løysingar for mobilitet og at talet på nullutsleppskøyretøy aukar raskt. Senterpartiet meiner arealpolitikken må tilpassast regionale og lokale forhold, og leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folkesetnaden. Sentralisering er ikkje berekraftig utvikling. Alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikle små og store lokalsamfunn, både gjennom spreidd busetnad og i kommunesenter. Særleg i dei områda der folketalet går ned eller står stille må det verte større vekt på dei lokale vurderingane og prioriteringane.
Senterpartiet vil i fylker, kommunar og gjennom nasjonal politikk, arbeide for at det vert lagt til rette for attraktive og berekraftige næringsareal som sikrar vekst og utvikling i alle delar av landet. Naturmangfaldet og allemannsretten skal sikrast, for dagens og framtidige generasjonar. Samstundes vil vi ha ei meir differensiert forvaltning til dømes av strandsona, med auka handlefridom og større høve for næringsutvikling og busetjing i spreidtbygde strøk langs kysten frå sørvestlandet til lengst nord i vårt langstrakte land. I mange distriktskommunar er ikkje utfordringa stort press på strandsona. Utfordringa er å få folk til å busette seg og skape ny aktivitet. Senterpartiet har store ambisjonar på vegne av distrikta, og vil leggje til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Noreg. Då må vi utnytte moglegheitene for arbeidsplassar og verdiskaping. Sjølv om mykje av strandsona i Oslofjorden er privatisert, betyr ikkje det at det ikkje er plass til fleire hamner i Finnmark, eller etablering av turistsenter på Trøndelagskysten.
Senterpartiet er opptatt av å ta vare på natur, miljø, kulturminner og vil forsterke innsatsen mot nedbygging av matjord. Innbyggjarane i både bygd og by er veldig opptatte av å ta vare på slike verdiar og kvalitetar i sine lokalsamfunn. Nasjonal matproduksjon er ein viktig del av busetting og sysselsettinga i lokalsamfunn rundt i landet, og ikkje minst avgjerande for totalberedskapen i samfunnet. Krigen i Ukraina, midt i Europas kornkammer, synleggjer kor viktig det er å ta vare på matjorda og auke sjølvforsyninga i Noreg. For å oppnå styrka beredskap og matsikkerheit, må vi ta vare på jordbrukets produksjonsressursar over heile landet. Det er ofte i områda med dei beste jordbruksareala at presset på utbygging er størst, og det er viktig at terskelen for å tillate nedbygging av matjord er svært høg. Samtidig er det viktig at kommunane kan legge til rette for å oppretthalde matproduksjon og busetjing i bygdesamfunn, til dømes gjennom å dele frå einskildtomter på dyrkbar mark.
Senterpartiet vil endre dagens nasjonale planretningslinjer for å samordne bustad-, areal- og transportplanlegging slik at det vert eit overordna mål at retningslinjene skal legga til rette for vekst og utvikling i heile Noreg. Arbeidet med revidering og fornying av retningslinjene vil krevje ein grundig og god prosess med ulike aktørar, og det vil sjåast i samanheng med nye nasjonale forventningar til planlegging i kommunar og fylke som skal lanserast våren 2023. For vi legg til grunn at ein lokalt er aktive i arealpolitikken for å sikre god bu- og livskvalitet for innbyggjarane. Senterpartiet vil ha auka differensiering i regelverket for å sikre utvikling i heile landet, blant anna gjennom bygging i strandsona og langs vassdrag i innlandet med sikte på større fridom i område der det er lite press på areala. Framtidas arealpolitikk må i langt større grad vere basert på skreddarsaum tilpassa det enkelte lokalsamfunn. Vi må ta heile Noreg i bruk.