Pressemelding
Senterpartiet -
13.06.2005
- EØS svekkjer det norske demokratiet
EØS-avtalen blir stadig meir omfattande og overvakingsorganet ESA og EFTA-domstolen har innteke ei svært aktiv rolle når det gjeld utvida tolking av grunnprinsippa i EØS-avtalen.
- Det hadde heilt klart vore på sin plass med ein gjennomgang og analyse av denne utviklinga i stortingsmeldinga om Makt og demokrati, seier Stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa.
I meldinga vert problemstillingar knytt til rettsleggjering som fylgje av internasjonale avtalar drøfta. Kleppa framhevar at denne utfordringa er særleg aktuelt når det gjeld internasjonale avtalar som regulerer handel og økonomi, slik som EØS- og WTO-avtalen.
- I slike tilfelle vil ei rettsleggjering kunna føra til ei svekking av demokratiet gjennom at påverknaden til dei folkevalte over utviklinga blir redusert. Samstundes står grunnleggjande rettar, som er nedfelte i andre internasjonale konvensjonar og i politiske vedtak og lovvedtak nasjonalt, i fare for å bli undergravne, seier Kleppa.
WTO har utvikla seg til å bli ein viktig arena for avgjerder innan mange område knytt til handel med varer og tenester, men der konsekvensane av dei handelspolitiske og konkurransemessige tiltaka kan strekkja seg langt utover rein handel.
- Det er ei stor utfordring for folkestyret at ei rekkje spørsmål av nasjonal verdi blir avgjorte gjennom internasjonale forhandlingar der det er lite innsyn undervegs, og der dei folkevalte berre blir førelagt moglegheiter til i etterkant å seia ja eller nei til ein framforhandla avtale, seier Kleppa og fortset:
- Regjeringa har eit stort ansvar for å leggja til rette for meir innsyn i norsk deltaking i WTO-samanheng, slik at det blir ein betre offentleg debatt om Noregs deltaking i dei framtidige forhandlingane.
Dei multinasjonale selskapa har mykje makt i kraft av si utbreiing og økonomiske tyngd i verdshandelen.
- Senterpartiet meiner at Noreg må bidra aktivt til auka innsyn og kontroll med desse selskapa si verksemd og til å setja grenser for på kva område desse skal ha tilgjenge, f.eks. når det gjeld handel med tenester, avsluttar Kleppa.