Pressemelding
Olav Akselsen (Ap), leiar for utanrikskomiteen på Stortinget -
31.03.2008
EU betrar fiskeripolitikken
Det er viktig for norsk fiskeindustri at reglane mellom unionen og Noreg blir så like som mogleg, og det blir dei no. Noreg vert framheva som eit eksempel i EU sin nye politikk for fiskerikontroll.
EU sin felles fiskeripolitikk vert no endra etter både intern og ekstern kritikk av reformendringane dei siste åra. Forvaltningsregimet som vart vedteke i 2002 for å betra og styrka fiskebestanden har ikkje gjeve dei resultata EU ønskte seg.
No skal dette regimet gjennomgåast og ei ny reform skal vera på plass innan 2012. Da skal systemet med kvoteregulering strammast inn og eit fullstendig bilete med truverdige fangstdata skal koma på plass. Ny regulering vil omfatta innsamling og forvaltning av biologiske, tekniske og miljødata i fiskerisektoren. Data skal brukast til vitskaplege analyser og vil omfatta kommersielt fiske, fritidsfiske og havbrukssektoren.
Krava om ein ny politikk kjem etter at undersøkingar i medlemslanda avdekka ufullstendige fangstdata. Inspeksjonssystema har ikkje vore gode nok. For å lykkast med ein felles fiskeripolitikk vil EU no ha meir effektive rutinar for inspeksjon.
Overkapasiteten i fiskeflåten hindrar også lønsemda i næringa, og gir insentiv til å bryta regelverket. EU meinar at dersom kapasiteten ikkje blir redusert, vil det føra til alvorlige konsekvensar for heile fiskeindustrien og relaterte næringar. Dette gjeld også for den norske fiskerinæringa.
Endringar i EUs felles fiskeripolitikk handlar om å betra kvaliteten på fangstdata og den elektronisk rapporteringa. Nasjonale styresmakter må ha fullmakt til å kunna gripa inn med sanksjonar når det skjer brot på regelverket. EU-kommisjonen vil også innføra tiltak som kan redusera den strukturelle overkapasiteten i fiskerinæringa.
I omlegginga av fiskeripolitikken som no blir diskutert, peikar EU mot Noreg. Framhevinga av den norske politikken gjeld spesielt systemet med sluttsetlar og førstehandsomsetjing, som hos oss skjer gjennom salslaga. Det norske utkastforbodet er også blitt framheva. Det er positivt for den norske fiskerinæringa at me no får gjennomslag for ein betre fiskeripolitikk i EU.
Behova for å betra kontrollsystema blir oppfatta som så prekære at EU-kommisjonen allereie har begynt å endra dei. Endringane har fått stor støtte mellom dei europeiske fiskeriministrane seinast i februar i år, og kommisjonen skal no sende endringsforslaga ut på høyring. Målet er at forslaga skal vedtakast i 2009.
EU-kommisjonen har varsla at forbodet av utkasting skal innførast gradvis. Forbodet vil bli gjennomført av tiltak som t.d. stenging av felt for småfisk, samt nye krav til utforming av reiskap. Dersom forslaga blir gjennomført, vil EU sin politikk på dette området vera lik den norske. Truleg vil utkastforbodet også omfatta fiske etter nordsjøsild og makrell.