Pressemelding

Liv Signe Navarsete, nestleiar i Sp om regjeringas regionalmelding: - 08.04.2005

Farvel til distriktspolitikken

(Stortingsmelding nr. 25 (2004-2005) om regionalpolitikken, som var framlagt av Kommunal – og regionalminister Erna Solberg i Førde i dag)

- Regjeringa Bondevik har gitt opp å føra ein aktiv og utviklande politikk for vekst i distrikts-Noreg, seier Liv Signe Navarsete, nesteleiar i Senterpartiet. Dette viser kommunal- og reginonalminister Erna Solbergs framlegging av stortingsmelding om regionalpolitikken i Førde i dag. Regjeringas framskriving av tal for befolkningsutviklinga viser at innbyggjartalet i byane skal vekse mykje og bygdene reduserast sterkt. Regjeringa og Erna Solberg vil ikkje ta i bruk kjente og effektive verkemiddel innafor næringspolitikk, infrastruktur, samt skatte- og avgiftspolitikken for å snu denne utviklinga, seier Navarsete.

- I si framlegging av den nye regionalmedlinga nevnte Erna Solberg ikkje bygda med eit ord, men alt handla om dei store, mellomstore og mindre byane. Solberg varsla og ein omfordeling av verkemiddelmidlane som no går mest til dei fylke som har mykje distrikt. Ho varsla og ei omfordeling av verkemiddelbruken internt i fylka, noko som vil kunna føra til at midlar som no berre kan gå til t. d. Hardanger i framtida også vil kunna brukast i Bergen. I sum er dette ein opning for stor omfordeling av Regjeringas få gjenverande verkemiddel for ein aktiv distrikstspolitikk, seier Liv Signe Navarsete.

- Det Norge no treng er ein aktiv næringspolitikk der det fortsett er mogeleg å støtte dei mange idear og planar som folk har til verdiskaping rundt i heile landet. Det kan vera innafor jord- og skogbruk, fiske, oppdrett, turisme, meir tradisjonell industri samt nye høgteknologiske bedrifter. Vi treng ein aktiv politikk som byggjer på dei næringsmessige fortrinn som Norge har innafor maritim sektor olje, gass og vannkraft. Bondevikregjeringa har dessverre ein tom næringspoltisk verktøykasse, men Senterpartiet har gode verktøy, seier Navarsete.

- Distrikts-Noreg er og avhengig av ein betre tilrettelegging av infrastruktur som breiband til alle, meir pengar til veier, ferjer, rassikring og betre vedlikehald av eksisterande veinett. Heller ikkje her legg regionalmeldinga opp til auka satsing for dei område som treng det mest, nemleg distrikts-Noreg, sier Liv Signe Navarsete.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS