Pressemelding

Reidar Sandal, stortingsrepresentant og skattepolitisk talsperson, Ap - 19.10.2006

Fellesskap framfor skattelette

Politikk handlar om å velje. For eitt år sidan stod valet mellom A, SV og SP på den eine sida og H, KrF, V og FrP på den andre. Mellom meir skattelette eller sterkare satsing på fellesordningane. Veljarane valde fellesskap framfor skattelette. Statsbudsjettet som nyleg blei lagt fram, viser tydeleg at kursen no er lagt om.

Kva betyr eigentleg dette for deg? Lovnaden vår i valkampen var at det samla skatte- og avgiftstrykket skulle tilbake til 2004-nivået. Dette gir oss 12 milliardar kr meir til å drive velferd for enn Bondevik-regjeringa ville hatt. Ein klar konsekvens av denne politikken er at det blir løyvt 3,2 milliardar kr meir til barnehagane i 2007. Dette vil gjere det mogleg å nå målet om full barnehagedekning neste år. Det blir løyvt 2 milliardar kr meir til veg og jernbane neste år. Vi snakkar her om det største løftet på vegsektoren på 15 år, og det største løftet for jernbana på 25 år. Kommunane får 2,4 milliardar kr meir i frie inntekter neste år. Sjølv Høgre-ordførarar rosar forslaget frå Regjeringa, som er på god veg mot målet om 10 000 fleire årsverk i eldreomsorga. Alle desse satsingane er moglege fordi Regjeringa satsar på fellesskapet og avviser skattelette til dei som har nok frå før.

Eg har ei interessant utfordring til høgresida: Kva for tiltak som Regjeringa no har foreslått, vil dei nedprioritere for å gi rom for den varsla skatteletten?

Påstanden om at det er liten avstand mellom dei politiske partia, høyrer vi frå tid til anna. Det er ikkje korrekt. Skattepolitikken viser til fulle at det er klar forskjell mellom høgre- og venstresida. Vi vil bruke 12 milliardar kr meir på velferd i staden for skattelette enn det Bondevik-regjeringa la opp til for 2006. Over fire år blir det nesten 45 milliardar kr. Då er det ikkje rekna med den nye skatteletten som høgresida lovde i valkampen. Det er opplagt at dette fører til ei klar kursendring. Det er fellesordningane som det no blir satsa på.

For Arbeidarpartiet er det avgjerande å ha eit rettferdig skattesystem. Vi ønskjer å bruke systemet til omfordeling. Dei som tener lite, skal betale mindre skatt enn dei som tener mykje. Dette kjem godt til uttrykk i den skatteprofilen som Regjeringa legg opp til.

Hans Hansen med 300 000 kr i bruttoinntekt får med vårt opplegg ein skattelette på 500 kr, totalt for 2006 og 2007. Samtidig fekk Henriette Blom med bruttoinntekt på 3 millionar kr ein skatteauke på over 100 000 kr i fjor. Skatten hennar blir ytterlegare skjerpa i 2007. Grunnen til denne forskjellen er at vi meiner at personar med høge formuar og store aksjeutbytte skal yte meir til fellessakpet enn dei har gjort før.

Kva er forskjellen på skattepolitikken til Stoltenberg og Bondevik? Vi kjenner enno ikkje skatteopplegget for 2007 frå dei borgarlege partia. Men for 2006 var forskjellane markante mellom deira og vårt opplegg. Hans Hansen med ei bruttoinntekt på 300 000 kr ville fått 85 kr pr. månad i skattelette med Bondevik i forhold til Stoltenberg. Henriette Blom med 3 millionar kr i bruttoinntekt ville fått 45 000 kr meir i skattelette med Bondevik enn med Stoltenberg. Ein forskjell på nesten 4 000 kr pr. månad. Det er derfor rett å peike på at skatteletten frå Bondevik-regjeringa gjekk til dei som hadde mest frå før.

Sjølv om skattesystemet også skal brukast til omfordeling, må vi i tillegg ta i bruk andre verkemiddel for å yte meir til dei som sit nedst ved bordet. Noko av det som gir best utjamning, sosialt og økonomisk, er å gi alle sjansen til å leve av eige arbeid. Etablering av ei ny arbeids- og velferdsforvaltning (NAV) er sentral i så måte. I tillegg foreslår Regjeringa å bruke i overkant av 1 milliard kr til tiltak mot fattigdom og til integrerings- og inkluderingstiltak i 2007.

Regjeringspartia fører ein politikk for fellesskapsløysingar og rettferdig fordeling. Statsbudsjettet for neste år varslar ei klar kursendring i den retning. Vi er godt i gang med å innfri det vi lovde ved valet i 2005. Det trur eg veljarane legg merke til. Framleis har vi mykje ugjort, men vi er stolte av det vi har fått til så langt.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS