Pressemelding

Fjord1 - 06.05.2011

Fjord1-konsernet fyller 10 år

9. mai 2011 fyller eit av Norges største transportkonsern 10 år. I dei ti åra har Fjord1 sørgt for sikker og presis transport av pendlarar, skuleelevar og turistar både på land og sjø. Fjord1 er ein nasjonal aktør med lokale røter.


På ti år har Fjord1:

· frakta 229 millionar passasjerar. Det tilsvar det samla innbyggjartalet for Russland, Storbritannia, Australia og Laos.

· frakta 68,8 millionar køyretøy på ferjer. Det tilsvar om lag seks gonger så mange bilar som det finnast i heile Norden

· køyrd 250 millionar km. med buss. Det tilsvar meir enn 30 rundturar til månen.


I sitt tiande driftsår har Fjord1 og blitt verdsleiande på bruk av miljøvennleg LNG-gass i ferjedrift, kan vise til eit historisk godt økonomisk resultat, og fått stadfesta attraktiviteten sin som selskap gjennom programmet Undercover Boss.


- Det var eit klokt grep at ein for ti år sida føretok konsolideringa av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar til ein samla verksemd under Fjord1-paraplyen. Ettertida har vist at det krevjes store aktørar for å ha evne til å vere med i anbod både på sjø og land, seier konsernsjef Leif Øverland.


Historisk godt resultat

Fjord1 har på ti år auka resultatet før skatt med 200 MNOK, og oppnådde eit historisk godt resultat på 268 MNOK i 2010. I 2002 var resultatet før skatt på 68 MNOK. Selskapet har i 2010 óg styrka eigenkapitalen med 319 MNOK frå 2009. Det gode resultatet skuldast godt resultat frå drifta, kombinert med salsvinstar på skip, transportmiddel, aksjar og eigedom.

- Gode resultat for Fjord1-busselskapa og frå ferjedrifta vår i Hordaland og Rogaland er og noko vi har grunn til å glede oss over, seier konsernsjef Leif Øverland. Han legg til at det framleis er fleire samband der det er krevjande for Fjord1 å skape lønnsemd.


Verdsleiande på LNG-gass i ferjedrift

Fjord1 er verdsleiande på miljøvennlege LNG-gassferjer og har spesialkompetanse på å utvikle dei mest miljøvennlege transporttenestane. Miljø- og energiinteresserte frå heile verda vendar seg til Fjord1 for å få kome på vitjing og sjå den topp moderne teknologien om bord på gassferjene som selskapet eig. Innan utgangen av 2011 vil Fjord1 ha 12 gassferjer i drift langs kysten – frå Rogaland i sør til Sør-Trøndelag i nord.


Nasjonal aktør med lokale røter

Fjord1 har sterke lokale røter som spring ut frå distrikta på Vestlandet. Leiinga i selskapa som no utgjer Fjord1 gjorde i si tid dei rette vala, og Fjord1 er no heilt i toppsjiktet innafor norsk transport- og logistikkbransje. Fjord1 er eit godt døme på at “Vestlandet kan”, og visar at det er mogleg å vere blant dei største i landet, samstundes som ein held fast på ein sterk lokal forankring og nærvær. Dette vart mellom anna vist frem under programmet Undercover Boss på TV2, der sendinga 19. april handla om Fjord1. Heile 530.000 sjåarar fekk med seg programmet.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS