Fjord1 skal drifte sambandet Lavik-Oppedal med fire fartøy frå 2026 til 2034 (med moglegheit for forlenging i inntil tre år), og vart tildelt kontrakten i haust med bakgrunn i beste kombinasjon av pris og kvalitet. Lavik – Oppedal er det niande største ferjesambandet i landet med 1,2 million personbileiningar (PBE) i 2022.
Dette er kontrakten
Kontrakten inneber utvikling av heilautomatiserte løysingar for alle dei fire ferjene frå og med 2027 og ut perioden.
Kontrakten skildrar 23 ulike funksjonar som skal automatiserast, og summen av desse funksjonane blir at ferjene vil utføre ruteproduksjon av seg sjølv.
Det skal i tillegg etablerast eit kontrollsenter på land, for overvaking og moglegheit til fjernstyring av ferjene.
Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er glad for at avtalen no er signert, og ser fram til å utvikle ny verdsleiande teknologi med heilautonome ferjer:
– Dette er eit nytt steg i retning auka automatisering innan maritim sektor, og det ligg sjølvsagt høge forventningar og prestisje i ei slik kontrakt. Vi er svært glade for at kontrakten er tildelt, og det er med stor stoltheit vi no går laus på utfordringa. Her kan overføringsverdien med ny teknologi til andre delar av sjøfartsnæringa bli stor på sikt, seier Neteland.
Utvikling gjennom anbod
Avdelingsdirektør ferje i Statens Vegvesen, Dag Hole, er stolt over at Vegvesenet nok ein gong brukar innkjøpsmakt til omstilling.
– Vi har tradisjon for å nytta vår rolle som innkjøpar i milliardklassen til å akselerera utviklinga for å nå måla som er sette for transportsektoren. Tidlegare har dette mellom anna handla om nullutslepp. No handlar det om automatiserte funksjonar, og nok ein gong skjer det på ferjesambandet Lavik-Oppedal, seier Hole.
Det vi får til her, i samarbeid med Fjord1, vil kunna bidra til å navigera kursen for vidare digitalisering og automatisering i komande kontraktsutlysingar både på riksvegferjesambanda og i maritim bransje elles, legg han til.
– Statens vegvesen har tradisjon for å bruka ny teknologi til å utføra vårt oppdrag på ein betre måte, til beste for samfunnet, klimaet og trafikantane. Det ønsker vi å halda fram med, og det vi får til her, seier Dag Hole.
Sambandet skal driftast med fire nye nullutsleppsfartøy på 120 PBE. I tillegg til miljøaspektet i kontrakten, vil det og bli hyppigare frekvens på avgangane samanlikna med dagens tilbod.
|