Pressemelding
Fjord1 og Nettbuss -
11.10.2012
Fjord1 sel resten av bussverksemda til Nettbuss
Fjord1 har erklært sin avtalefesta opsjon på sal av resterande 49 prosent av aksjane i bussverksemda si til Nettbuss, til tidlegare avtalt pris. Nettbuss kjøper såleis Fjord1 sine aksjepostar på 49 prosent i Fjord1 Buss Møre AS, Nettbuss Nordfjord-Ottadalen AS og Nettbuss Sogn Billag AS, samt aksjeposten på 34 prosent i Nettbuss Ekspress AS.
Nettbuss overtok 2. januar i år 51 prosent av aksjane i dei 3 førstnemnde selskapa og vil dermed bli hundre prosent eigar.
Samla salspris for dei resterande aksjane i dei 4 nemnde selskapa er 105,7 millionar kroner. Fjord1 blir med dette salet eit reindyrka sjøselskap.
- For å styrke vår satsing på sjøsida vel vi å gå heilt ut av landbasert kollektivtrafikk. Som det mest veldrive buss selskapet i Norge er Nettbuss klart beste kjøpar i denne samanhengen og bussverksemda er såleis i dei beste hender, seier Leif Øverland, administrerande direktør i Fjord1.
Nettbuss, som no vert eineeigar av busselskapa, har dei seinaste tiåra bygd seg opp til å verte ein av dei største bussaktørane i Norden, og den største i Noreg.
- Dette kjøpet vil utfylle Nettbuss si ruteverksemd på ein fin måte, men også med tanke på den satsing vi skal i gang med på ekspressbuss, seier Arne Veggeland, konsernsjef i Nettbuss AS.
Han viser til at selskapa allereie er godt i gang med å bli ein del av Nettbuss-familien, og den observante reisande har lagt merke til at dei fleste bussane no har fått Nettbuss-logo og sjåførane ny uniform. Elles vil ruteproduksjonen halde fram ut får dagens plasseringar.
Om Fjord1
Fjord1 er i dag størst på ferjedrift i Norge, med drift av 43 ferjesamband – frå Finnmark i nord til Rogaland i sør. Selskapet har 75 fartøy og omsette i 2011 for 2,98 mrd. kroner. Hovudkontoret er i Florø. For meir informasjon, besøk heimesidene våre på www.fjord1.no.
Om Nettbuss
Nettbuss er et av Nordens leiande busselskap med verksemd i Norge, Sverige og Danmark. Selskapet kjørte 126 millionar passasjerar i 2011, omsette for kr 4,9 milliardar og har 7000 medarbeidarar. Selskapet er eid av NSB og har historie tilbake til 1925.