Pressemelding

Helsepolitisk talsperson i Senterpartiet Kjersti Toppe - 28.03.2025

Folk skal få hjelp uansett kor dei bur

Senterpartiet vedtok i ein uttale på sitt landsmøte fredag at alle nordmenn skal ha tilgang på grunnleggande statlege tenester.

«Alle, uansett kor dei bur, skal vere trygge på å få hjelp når dei treng det. Det krev politi der folk bur, ambulanse som når fram, og tryggleik for gode helsetenester i heile Noreg», seier helsepolitisk talsperson i Senterpartiet Kjersti Toppe.

Senterpartiet sin politikk står i sterk kontrast til Høgre sin sentraliseringspolitlikk, som mellom anna flytta politiet vekk frå nærmiljøa.

«Eit politi som er til stades i lokalsamfunnet skapar tryggleik, det byggjer tillit og hindrar lovbrot», seier Toppe.

Senterpartiet meiner at eit godt og likeverdig helsetilbod frå det offentlege i heile Noreg er avgjerande for tryggleiken til folk.

«Senterpartiet er imot nedskjering og strukturelle endringar i helsetenesta som fører til ein svekka akuttberedskap. Ingen liv skal verte sett i fare eller helsa bli skadelidande på grunn av dårleg beredskap og manglande ressursar. Folk skal ha tryggleik for dei grunnleggjande velferdstenestene, uavhengig av inntekt eller kor ein bur», avsluttar Toppe.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS