Samferdselsdepartementet | -
07.10.2024
Foreslår 50 millionar kroner til opprusting av fylkesvegbruer som er kritiske for militær mobilitet
– Transportsystemet skal støtte opp under militære behov for forflytting av både personell og materiell. Ved å opprette ei ny tilskotsordning til militær mobilitet vil regjeringa sikre at fylkeskommunane blir sette i stand til å ruste opp bruer på fylkesvegnettet som er kritiske for militær transport, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
|
|
|
Foto: NTB
|
Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner til ei ny tilskotsordning til fylkeskommunane over Samferdselsdepartementets budsjett i 2025.
Ordninga er øyremerkt til å ruste opp 14 identifiserte bruer på fylkesvegnettet som er kritiske for militær mobilitet i fylkeskommunane Akershus, Innlandet, Trøndelag, Troms og Vestland. Dei 14 bruene blei identifisert i arbeidet med Nasjonal transportplan 2025–2036.
Styrker arbeidet med militær mobilitet
– Med Sverige og Finland som nye NATO-medlemar blir Noreg viktigare som mottaks- og transittområde for allierte styrkar. Dette stiller høge krav til mellom anna vegar og bruer. Den nye tilskotsordninga for utvalte bruer på fylkesvegnettet skal bidra til å tilpasse transportsektoren til ein ny tryggingspolitisk kvardag, seier samferdselsministeren.
Fylkeskommunane har ansvar for nødvendige tiltak på fylkesvegnettet. Den nye tilskotsordninga set dei aktuelle fylkeskommunane i stand til å gjennomføre tiltak på dei identifiserte bruene.
Tilskotsordninga vil styrke forsvarsevna og samfunnstryggleiken, og ho kan inngå i toprosentmålet til NATO. Tiltaket bidrar òg til å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.
I Nasjonal transportplan 2025–2036 er det prioritert i alt 600 millionar 2024-kroner til tilskotsorsdninga i tolvårsperioden.
For andre pressemeldingar frå samferdselsbudsjettet 2025 – sjå:
|
|
|