Pressemelding

Fiskeridirektoratet - 10.05.2013

Foreslår nye tiltak for å redusere fisketap

I år og i fjor har torskefangstane i trålfisket til tider vore så store at trålposar har blitt sprengt og store mengder fisk har gått tapt. No presenterer ei brei samansett arbeidsgruppe forslag til nye tiltak for å redusere faren for sprenging av trål.

Arbeidsgruppa vart nedsett i fjor haust og har vore samansett av ekspertar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Havforskningsinstituttet, Norges Fiskarlag, Universitetet i Troms, Sintef og dei fleste produsentane av trålreiskapar i Noreg.

Dei foreslår følgande tiltak for å redusere risikoen for sprenging av trålposane:
1.Bruk av fangstbegrensningssystem med utsleppshol for fisk, fiskelås og gummimatte for raskt å kunne sleppe ut overskotsfangst Ei avgrensa mengde trålarar vil kunne få løyve til å bruke ein slik innretning og resultata vil bli vurdert før det eventuelt vert generelt tillatt.
2.Arbeidsgruppa meiner at det er viktig å forsetje arbeidet med å vidareutvikle seleksjonsinnretningane slik at dei også er tilpassa nye og større tråltypar.
3.Arbeidsgruppa har lagt vekt på å få fram tekniske løysingar, men vil oppmode til generelt større aktsemd i fiske for å redusere faren for store hal. Det er derfor viktig med eit haldningsskapande arbeid.
4.Gruppa foreslår at det blir vurdert om trålarflåten skal fritakast frå bruk av sorteringsrist i enkelte avgrensa områder, der det er rimeleg sikkert at det ikkje er yngel og småfisk.
5.Arbeidsgruppa vil gjerne få fortgang i utviklinga av nye instrument slik at skippar og styrmann skal få betre kunnskap om kva og kor store mengder som er på veg inn i reiskapen.

Arbeidsgruppa har hatt to møter og mandatet frå Fiskeridirektøren har vore å diskutere og finne fram til mogelege tekniske løysingar for å redusere faren for sprenging av trål.

– Utslepp av død og døande fisk i samband med trålsprenging vil kunne representere store manglar i kvoterekneskapen og er såleis ei skjult beskatning. I tillegg er dette uheldig for lønsemda til fiskarane fordi tap av fisk og reiskap inneber ekstra kostnader. Haldningsskapande arbeid er også eit viktig felt som både sjøsida og Fiskeridirektoratet i felleskap vil måtte arbeide med, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS