Pressemelding

Magnhild Meltveit Kleppa, parlamentarisk leiar i Senterpartiet: - 17.03.2007

Frp: Dagens største trussel mot individuell omsorg

- Folk flest er opptekne av omsorg; omsut for barn, sjuke og gamle. Dei fleste av oss har nærkontakt med eller kjenner til menneske som treng slike tenester. Difor stiller veljarane høge krav: Det er “rift om brødet”; stor etterspurnad etter politiske løysingar på nye utfordringar, nye omsorgsbehov.

- Frp tilbyr ei standardløysing: Staten skal dekkja utgiftene, overføra pengar til folk og la dei shoppa omsorgstenester sjølve. Dette vil innebera ei “børsifisering” av omsorga: Alt skal reduserast til varer på ein marknad, vakta og regulert av eit statleg byråkrati. På denne børsen skal ein orientera seg, vurdera og velja – og banka i bordet og vona at marknaden skaper eit tilbod som dekkjer etterspurnaden. I heile landet, der folk bur.

- Vi i Senterpartiet har ovstor tru på sunt bondevit og at folk sjølve maktar å leva ansvarlege liv. Problemet med ein Frp-marknad for omsorgstenester er at ikkje alle av dei som treng omsorg, er rasjonelle, nyttemaksimerande aktørar av homo economicus-typen. Mellom 70 og 80 prosent av pasientane på sjukeheimar er faktisk demente. Dei andre er der av gode grunnar, dei med. Det same gjeld barn: Det tek tid å verta vaksen. Kjernen i saka er at mange av dei som treng omsorg, ikkje er dei som lettast kan operera på ein Frp-marknad. Marknadslogikken føreset marknadsaktørar, men omsorgstenestene og omsorgspasientane oppheld seg ofte heilt andre stader; i dødvinkelen til marknaden.

- Det vi ser, høyrer og lærer er at dei beste omsorgstenestene er dei skreddarsydde; tenester som vert utforma i lag med dei tilsette, pårørande og familie. Kommunane er tettare på dei som treng omsorg enn eit statleg byråkrati. Nærleik er viktig. Og det er dette som er vårt svar: Omsorgstenester skal vera folkestyrte i vid og djup tyding. Dei tilsette skal ha tid og rom til å bry seg. Dei skal lytta til barn, sjuke og gamle; sjå dei og tilpassa tenestene etter behova. I ro og mak – bortanfor marknadslarmen til Frp. Dette får vi til dersom kommunane har pengar og det lokale folkestyret fungerer: Over tid vi demokratiet gjera at lokale politikarar ikkje lovar meir enn dei kan halda. God omsorg = kommuneøkonomi og kommuneval, ikkje byråkrati og marknad.

- Det ironiske i denne debatten er at Framstegspartiet – sjølv etter fleire tiår – ikkje har konkretisert omsorgspolitikken sin. Dette vil dei overlata til regjeringa! Stortinget handsamar nemleg i desse dagar eit privat forslag frå Frp (Dok. 8:34 2005-2006) der det heiter at “Stortinget ber regjeringa legge frem en plan for omlegging av norsk eldreomsorg, slik at staten får ansvaret for at pengene følger brukerne og dekker utgiftene til omsorgen”. But we have other fish to fry, som amerikanarane seier.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS