Pressemelding

stortingsrepresentantene Gunvor Eldegard og Sigrun Eng (Ap) - 24.11.2006

FrP raserar norsk landbruk

Frps alternative statsbudsjett for 2007 er underleg lesing. Viktige tiltak kuttes eller fjernes. Under påskotet av at dei vil gje skattelette, så har dei foreslått å meir enn halvera tilskotet til norsk landbruk, med eit kutt på 5, 8 mrd. kr. Det blir nærast komisk når dei vel å omtale dette kuttet som eit døme på moderne landbrukspolitikk.

Til saman vil FrP kutte 11,5 mrd. kroner i bistand, landbruk, kultur og byråkrati. I tillegg vel dei å sprøyte inn 23 mrd. kroner ekstra i budsjettet. Ingen andre parti gjer noko i nærleiken av dette. Konsekvensen vil bli høgare rente og svekka norsk konkurranseevne. Av landets største parti må me kunne forvente meir ansvarlegheit. Det er ingen tvil om at dette er uansvarleg, fordi det i praksis betyr ei nedlegging av norsk landbruk. Kvart einaste årsverk i landbruket vil tape 92 000 kroner på dette budsjettet. Det vil og medføre at berre dei sterkaste områdane vil kunne klare å drive jordbruk, og det vil vera ei rasering av norske bygder. Intensivt landbruk på flatbygdene gir negative miljømessige konsekvensar. Gjengroing og tap av kulturlandskap er døme på dette. Det er viktig å huske på at mattryggleik ved småskalalandbruk berre kan gis av bygdene.

Regjeringas forslag til statsbudsjett inneheld eit løft for landbruket. Det vil styrke landbruket over heile landet. Det sikrar og bøndene ei inntektsutvikling på linje med andre grupper. Norsk landbruk er for viktig til å leike med. Sjølv FrP bør forstå dette.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS