Pressemelding

Senterpartiet - 20.06.2013

Fryktar for sidemålssigeren ved blå valsiger

– Eg er stolt og glad for at Senterpartiet har fått med seg Ap og SV på at alle elevar framleis skal møte og lære begge skriftspråka våre, og tidlegare og betre enn før. Men dagens meiningsmålingar viser fleirtal for partia som vil rive opp den språklege jamstillinga, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Kunnskapsdepartementet la i dag fram den justerte læreplanen for norskfaget, med tydelegare mål for språkopplæringa.

– Alle elevar i grunnskulen blir no introduserte for tekstar på bokmål og nynorsk på tidlege årssteg, dei skal lytte og lese på begge målformene på heile barnesteget, og eksperimentere med skriving på sidemålet frå femte klasse, seier Navarsete.

– Dette gjev bokmålselevar eit tidlegare og betre møte med nynorsken. Det førebyggjer fordomar og kan formidle kunnskap og språkglede. Det viktigaste gjennomslaget for Sp er likevel at vi held på eigen standpunktkarakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og vidaregåande skule, seier Sp-leiaren.

Ho meiner karakteren er avgjerande for reell språkleg jamstilling mellom nynorsk og bokmål, og registrerer med uro framgangen til partia som vil fjerne sidemålskarakteren og er positive til såkalla valfritt sidemål.

– Senterpartiet er garantisten for nynorsken og sidemålet, på raudgrøn side og i Stortinget generelt. No styrkjer vi nynorsken og språkopplæringa. Eit fleirtal av Høgre og Framstegspartiet etter valet vil rive bort institusjonane som sikrar nynorsken som likeverdig målform, avsluttar Navarsete.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS