Pressemelding

Sigrun Eng. AP - 13.04.2007

Går det den vegen høna sparkar?

Om ikkje mange dagane skal bondeorganisasjonane forlange og staten tilby utgangspunktet for årets jordbruksforhandlingar. Det blir spanande, for ikkje å bruke uttrykk som skjebnesvangert.
Inntektene i norsk landbruk sakkar framleis akterut, medan Roar Flåthen snakkar om det beste lønsoppgjeret på 20år. 4,5%
Vi har aldri brukt så lite pengar på mat i moderne tid som no. Omlag 12kr. av 100 lappen. Etter krigen gjekk 40kr av kvar 100 lapp til det same.

Og norsk mat er dyr !!!
Staten brukar omlag 11,5mrd. i årets jordbruksoppgjer no. 1,5mrd går til inn og uttransport av mjølk. Forbrukarsubsidiar, som gjer at vi alle kan kjøpe mjølk for lik pris i heile landet. Slik kan ein få fram tal på område etter område, godt pakka inn i overføringar til matprodusentane våre.
Eg skjems når mjølkeprodusenten, han som går i fjøset to gonger dagleg 365 dagar i året berre får kr.3,30 pr liter og salsprisen er godt over 11kr. Ingen treng fortelja meg kven som får fortenesta. At kraftfor, gjødsel,dyrlege og alle andre innsatsfaktorar, før mjølka kjem på tank, skal dekkast av dei 3,30.

Kjøtmangel.
Vi har mangel på storfekjøt, og importerer blandt anna ifrå Sør-Amerika. Vi har mangel på sauekjøt, importen kjem frå New Zealand. No er det underdekning på kylling. Ja, eg spør på nytt. Går det den vegen høna sparkar? Vi et langreist mat, med den forurensinga dette gir. Sjølvforsyningsgraden er under 50%.
Ifrå 1995 til idag har halvparten av gardsbruka i Troms lagt ned. I Sogn og Fjordane gir sauebøndene opp. Finnmark er snart ikkje sjølforsynt på mjølk. Krattskogen tek over kulturlandskapet, og vi køyrer i grøne tunellar.

Når vi må dele.
Korleis vil det bli når kineserane og inderane med veksande økonomi melder seg på og vil ha kjøt til risen sin? Dei er mange! Svaret gir seg sjølv, matprisane vil auke med etterspørselen.
Med klimaendringar, ekstremvær og ørkenutvidingar vil matproduksjonen naturleg avta. Matvarekampen vil tilta.
Det er mange ting ein skal ha i tankane i år og åra som kjem...Men skjebnetimen vår er ikkje langt unna om vi vil ha landbruk over heile landet. Bønder som går ut av næringa, kjem ikkje inn att. Det minste dei forlangar er løn for arbeid. Då må produsentprisane opp. I respekt for trygg mat, velstelte bygder og andre kvalitetar vi andre ynskjer oss bør alle vera med å betala litt meir.

Ikkje minst har påskehandelen gitt visse assosiasjonar. For kva er det vi legg i handlekorga? Det det er minst av er matvarer tufta på norsk landbruk. Til ferie og fritid brukar vi no omlag 25kr. av 100 lappen.



Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS