Pressemelding
Gjenfangst i sjø avslutta etter rømming i Hardangerfjorden
Det er registrert gjenfangst av 10 900 oppdrettslaks etter rømminga ved Varaldsøy i slutten av mai. Garnfisket er no avslutta.
Fiskeridirektoratet påla Lingalaks AS utvida gjenfangst i sjø etter ei rømming frå deira lokalitet Bergadalen ved Varaldsøy i Hardanger i slutten av mai. Oppteljinga viste at det hadde rømt 36 700 oppdrettslaks på rundt 4 kg.
Fiskeridirektoratet har vore på inspeksjon på lokaliteten og på notverkstad, der nota har blitt undersøkt. Nota er påført ein mekanisk skade under avlusing.
10 900 fisk gjenfanga
Det var berre selskapet og fartøy hyrt inn av dei, som kunne drive med garnfiske i gjenfangstfisket. Av omsyn til ville bestandar av laks og sjøaure vart det stilt krav om at garna skulle senkast til tre meter djupne.
Registrert gjenfangst er per 10. juni på 10 900 individ. Av desse er 3 300 stk fiska av privatpersonar og levert til mottaksstasjonen.
Overvaking av vassdrag
Fiskeridirektoratet har varsla selskapet om at dei vil få pålegg om overvaking og uttak av rømt fisk i elver i området.
Dusør
Lingalaks AS har etablert ein mottaksstasjon, der privatpersonar kan levere inn den rømte laksen dei har fiska med stang. Lingalaks AS gir ein dusør på 200 kr per rømt laks som vert levert inn til selskapet. Fiskaren kan behalde fisken mot at feittfinnen vart fjerna av Lingalaks AS sitt personell.
Rømt oppdrettslaks kan leverast til Lingalaks AS sin lokalitet i Bergadalen, Gravdalsvegen 500, 5632 Omastrand. Opningstidene er måndag, onsdag og fredag mellom kl. 12 og 15. Mottaksstasjonen har tilkomst for både båt og bil.
Fiskeridirektoratet ynskjer tips
Fiskeridirektoratet oppmodar folk om å melde inn observasjonar og fangst av mogeleg rømt oppdrettsfisk til vår døgnopne vaktsentral: tlf. 03415.