Pressemelding

Senterpartiet - 10.06.2016

Glad for nye signal om landbrukspolitikken

Næringskomiteen har no gjeve si innstilling om jordbruksoppgjeret 2016. Det er den framforhandla avtalen som vert vedteken, men fleirtalet har gitt nye viktige signal om framtidig jordbrukspolitikk.

Ein samla komité skriv at det er «..viktig å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre i samfunnet» I dei tre siste jordbruksoppgjera har inntektsgapet auka.

 

  • Senterpartiet er glade for at heile komiteen no vil redusera inntektsgapet mellom jordbruket og andre i samfunnet. Eg forstår dette som ei klar melding frå Stortinget til Regjeringa om å legge om den politikken dei har ført dei tre siste åra. Framover må regjeringa vise større vilje til å satse på norsk matproduksjon, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av næringskomiteen Geir Pollestad.

Senterpartiet har vore bekymra for at det har vore ei betydeleg satsing på store bruk som har gått ut over dei små- og mellomstore bruka. No skriv eit fleirtal i komiteen av Ap, KrF, SP, V og SV at ein «ser det som viktig å styrke differensieringen av virkemidlene, slik at en opprettholder en variert bruksstruktur og sikrer bærekraftig produksjon på jordbruksarealer over heile landet…».

 

  • Dette er ei klar ordre til regjeringa om at ein må gjera meir for å sikre lønsam drift på dei små- og mellomstore bruka. Det er naudsynt om ein skal nå målet om eit landbruk i heile landet, seier Pollestad.

Fleirtalet gjer og eit kraftig signal til regjeringa om at ein skal ta omsyn til jordbruket sitt behov for eit sterkt tollvern når ein no er i drøftingar med EU om handel med mat. Ap, KrF, SP,V og SV seier: «mener at forhandlingene med EU, de såkalte artikkel 19. forhandlingane, i størst mulig grad må skjerme norsk landbruk».

 

  • Dette er eit sterkt signal til regjeringa om at ein skal slåss for å halde fram med eit sterkt tollvern for norsk matproduksjon. Dette er heilt avgjerande for at me skal ha eit landbruk i heile landet, seier Pollestad.    
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS