Pressemelding
Samferdselsdepartementet -
10.10.2008
Gratis teoriprøve ved bestått på første forsøk
– Det skal løne seg å vere godt førebudd når ein tek den teoretiske førarprøva. Vi vonar at forslaget om gebyrfritak for dei som består teoriprøva på første forsøk, kan vere ei ”gulrot” for nye sjåførar til å lære seg trafikkreglane grundig, og slik bli tryggare sjåførar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Strykprosenten på teoretisk prøve for kandidatar til førarkort klasse B har over tid vore aukande. For å få kandidatane til å førebu seg betre, legg regjeringa opp til å ta i bruk økonomiske verkemiddel. Gebyret for teoretisk prøve blir auka frå 335 kr til 600 kr med gebyrfritak for dei som står på teoriprøva ved første forsøk. Dette vil kunne motivere fleire til å bruke meir tid og ressursar for å få eit tilstrekkeleg kunnskapsnivå. Ordninga ligg inne i forslaget til statsbudsjett for 2009.