Pressemelding

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp - 20.12.2024

Historielaust kyrkjekutt

Snart kimar det i kyrkjeklokker i heile landet. Det kimar til julefest. I dag har vi ei landsdekkjande folkekyrkje i Noreg. For mange er det ikkje jul utan eit kyrkjebesøk. Det ser det ut til at Høgre, Frp og Venstre har gløymt.

 

Den norske kyrkja er julaftan, pinseaftan, olsok, men også heilt vanlege dagar. Den norske kyrkja er gudstenester, gravferder, bryllaup, dåp, konfirmasjonar og samlingar. Den norske kyrkja er møteplassar, fellesskap, beredskapsarbeid, sorgarbeid, sosialt arbeid for utsette grupper og særleg viktig barne- og ungdomsarbeid. Den norske kyrkja er konsertar, song, musikk, og mange, mange frivillige. Den norske kyrkja er småbarnstreff, eldretreff, flyktningtreff og ungdomstreff.

 

Kyrkja spelar ei avgjerande rolle i mange lokalsamfunn. Den bidrar til rom for tru, og handlar også om identitet, kulturarv og fellesskap.

 

Derfor blir eg bekymra når eg les opposisjonspartia sine alternative statsbudsjett for 2025. Høgre vil kutte 96 millionar kroner til Den norske kyrkje, Venstre vil kutte 400 millionar kroner og FrP vil kutte 266 millionar kroner. Dette vil ramme den landsdekkande, grunnlovsfesta folkekyrkja hardt. Om Venstre sitt budsjett hadde blitt vedtatt, kunne 400 av 1200 prestestillingar blitt fjerna. Verst ville det gått ut over distrikta, og stengte kyrkjer ville bli eit resultat mange stader. Budsjettkutta ville gitt enorme konsekvensar for den landsdekkande folkekyrkja, men også for andre trussamfunn som dei same partia også kuttar støtta til.

 

I tillegg foreslår både Høgre og Venstre å kutte 100 millionar kroner i 2025 i den statlege tilskotsordninga for å bevare kyrkjebygga våre. Det betyr eit kutt på 30 prosent. Det betyr at mange kyrkjer ikkje blir rusta opp i 2025, slik regjeringa ynskjer.

 

Slike store kutt på trussamfunnsfeltet er historielaust. Tru er personleg, men ikkje ei privatsak. Skal verkeleg barnefamiliar måtte betale avgift for å gå i kyrkja på julaftan neste år? Skal kyrkjebygg, som er blant våre mest verdifulle kulturminne, verkeleg forfalle og ikkje bli rusta opp?

 

Senterpartiet og regjeringa vil ha ei tilgjengeleg folkekyrkje i heile Noreg. Vi vil vedlikehalde dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga.  Kutt på fleire hundre millionar kroner til Den norske kyrkja er ny felles politikk frå H, FrP og V. Det beste med deira forslag, er at dei ikkje blir vedtatt. Fordi det er vårt budsjett som får fleirtal. Det kan mange vere glade for i dag.  

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS