Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 13.10.2008

Hydrogenbilar får fritak for betaling av bomavgift og parkering

- Hydrogenbilar vil innan 1. november 2008 få fritak for betaling av bompengar i alle landets bompengeprosjekt. I tillegg vil eg be Vegdirektoratet sende på høyring forslag om korleis det skal tilretteleggast for gratis parkering både for el-motorvogner og hydrogenbilar på offentleg regulerte parkeringsplassar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I dag har Samferdselsdepartementet i eit brev bede Vegdirektoratet om å sørgje for at hydrogenbilar med registreringsskilt HY innan 1. november 2008 får fritak for betaling av bompengar på dei om lag 50 bompengeprosjekta i landet.

- Utsleppa frå samferdselssektoren må ned. Klimagassutsleppa frå sektoren har auka med 25 prosent frå 1990 til 2005. For å lykkast må talet på nullutsleppsbilar og lågutsleppsbilar opp. Regjeringa vil leggje til rette for at folk skal kunne fylle straum, hydrogen og annangenerasjons biodrivstoff på tanken. Gratis passering i bomstasjonar og gratis parkering er tiltak som skal gjere det meir attraktivt å velje hydrogen og el-bilar, seier Navarsete.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS