Pressemelding

ERLING SANDE (Senterpartiet) - 08.12.2011

Klimatoppmøtet i Durban

På klimatoppmøtet i Durban denne veka har norske forskarar presentert nye klimamodellar som syner at Noreg er mellom dei landa som fyrst vil passere ei temperaturauke på 2 grader. Temperaturauken kan vere eit faktum allereie før det er gått 20 år. Alle modellane som blir presentert legg opp til at Noreg vil passere 2 grader høgare temperatur før midten av dette århundre. Erling Sande er på klimatoppmøtet.

-Forskarar blant anna ved Bjerknessenteret og Meteorologisk Institutt syner at dei som trur Noreg vil sleppe lett unna klimaendringane tar feil, seier leiaren av Stortingets Miljø- og energikomité Erling Sande. - Faktisk er vi mellom dei fyrste som må forholde oss til ei temperaturforhold på meir enn to grader i fylgje desse forskingsresultata.

-Dei mest utsette menneska finn vi i landa i sør, fordi dei vil få tørke. Det har vi i dei rike landa eit medansvar for, men også vi må bu oss på konsekvensar av klimaendringane. Meldinga om 2 grader temperaturauke er ein kraftig vekkar, seier Sande.

-Det er uroande at den sterke temperaturauka i nordområda vil påverke permafrosten og kunne frigje store mengder karbon. Noreg risikerer å gje eit særs negativt bidrag til verdas klima, om vi ikkje tek ansvar og også handlar på heimebane, seier Sande.

-Ei avtale her i Durban er det ikkje sikkert at det blir, men det må ikkje brukast som argument i mot at Regjeringa neste år skal leggje fram ei offensiv klimamelding, slår leiaren i Energi- og miljøkomiteen fast.

-Eg vil arbeide for at Noreg skal oppfylle målsettinga om at 2/3 av kutta skal tas på heimebane. Alle sektorar må vurderast og olje - og gass sektoren er ikkje noko unntak. Vi kan ikkje lukke døra for å gjere endringar i utvinningstempo dersom det er riktig i ein klimasamanheng, snarare tvert om. I tillegg vil det vere særs aktuelt med tiltak for å få ned utsleppa innanfor denne sektoren. Både her, i samferdslesektoren og i industrien kan det gjerast viktige grep. Vi må forme desse grepa slik at dei ikkje fører til at industrien vår flyttar ut, men at vi tvert om som styresmakter bidreg til å gjere vår industri konkurransedyktig i ei framtid som vil gjere kostnadane ved ureining større. Det ligg enorme muligheter i å vere tidleg ute med nødvendig omstilling, seier Sande. Vi bør t.d ha som ambisjon at vi klarar å bygge opp like sterke klynger på teknologi for fornybar energiproduksjon som vi idag har innan petroleumssektoren, seier Sande
FAKTA: Noreg har hatt ei temperaturauke på 1,6 grader sidan førindustriell tid, mens resten av verda i snitt har hatt ei auke på omlag 0,8 grader. Karbon i permafrosten kan tilsvare 500-1000 års utslepp av CO2 frå dagens forbrenning av kol, olje og gass. Det er ikkje slik at alt dette vil frigjerast, men tala gjer ein illustrasjon på kor mykje permafrosten held att. For å kunne nå FNs klimapanels mål om å avgrense temperaturauka til 2 gradar må klimagassutsleppa i frå dei industrialiserte landa ned med 25 til 40 prosent i 2020 ifht 1990 nivå.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS