Pressemelding

Liv Kari Eskeland (H), energi og miljøkomiteen på Stortinget og Tom-Christer Nil - 11.10.2019

Kraftskatt – er utvalet på rett spor?

Vasskraft er ein av Noreg sine viktigaste naturressursar, og vil også i framhaldet vera ryggrada i energisystemet vårt. Den norske vasskrafta har lagt grunnlag for vekst og utvikling i over 100 år, og Høgre er oppteken av at vi framleis skal utnytte og utvikle denne energien vidare. Vasskraftproduksjon er viktig i eit klimaperspektiv, og bidreg til forsyningstryggleik i det norske og nordiske kraftsystem.

Ein stor del av norsk vasskraftproduksjon vart bygd ut i åra mellom 1950 og 1980-talet. Desse kraftverka står framom store renoveringar og det er trong for reinvestering og fornying. Kraftbransjen har peika på at ein må å sjå på skatteregimet for å få til disse investeringane.

Regjeringa har difor sett ned eit utval som no har lagt fram eit framlegg til endringar i kraftskattesystemet.

Bestillinga til utvalet var å leggje fram eit skattesystem for fornybar kraftbeskatning av vatn (og vind) som skal sikre tre ting:

  • At vi får eit skattesystem som gjev meir fornybar energi
  • Dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved skattlegginga skal vera låge, og verdiskapinga skal vera høgast mogleg
  • Vertskommunane skal kompenserast for naturinngrep, og kommunane skal ha sin del av verdien frå utnytting av naturressursane dei stiller til disposisjon.

Det er liten tvil om at det skattesystemet vi har i dag gjev gode inntekter til nokre av dei kommunar som har stilt naturen til disposisjon for kraftproduksjon. Andre kommunar og fylke har fått inntekter gjennom eigarskap i kraftselskap utan å ha kraftverk eller anlegg i eigen kommune. Dette gjeld eksempelvis både Oslo og Bergen.

Samstundes er det ikkje tvil om at slik skattesystemet for vasskraft no er, vert samfunnsøkonomisk lønsame oppgraderingsprosjekt ikkje iverksett. Oppgraderingar som vil gje meir grøn energi, som vil bidra til industriutvikling og arbeidsplassar, vert lagt bort.

Så – svarar utvalet som no har levert si innstilling på desse utfordringane?

Det er ikkje noko i utvalet si innstilling som seier at kommunesektoren mister inntekter. Men det svarar ikkje godt nok og klart nok på å gje vissheit for vertskommunane sine inntekter.

Det er også vanskeleg å sjå gjennom modellen som er skissert, at det er mogleg å oppnå framtidige inntekter og meir produksjon av grøn energi, ein energi som også vil bidra til grøne industriarbeidsplassar i landet vårt.

Desse måla må nås:

  • Lønsame grøne investeringar i norsk vasskraft må stimulerast, ikkje stoppast
  • Kommunane sine inntekter må sikrast, det må ikkje skapast usikkerheit om kva som ligg att i vertskommunane og eigarkommunane.

Til sist: Det er viktig å merkje seg at det var med Høgre i regjering vi fekk stimulert etablering av fleire utbyggingar av småkraftverk ettersom nedre innslagspunkt for grunnrenteskatt vart auka frå 5,5MVa til 10MVa. Ei slik grense har vist seg å vera begrensande for å få full utnytting av mindre kraftverk. Likevel er ikkje svaret, slik utvalet foreslår, å sette denne grensa ned att til 1,5MVa. Det vil setje ein effektiv stoppar for all småkraft frametter.

Utvalet si innstilling er no sendt på høyring, vi imøteser gode høyringsuttalar som gjer at vi kjem på rett spor att med omsyn til utnytting av vår viktigaste fornybare kraft: vasskrafta.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS