Pressemelding

Fiskeridirektoratet - 04.02.2013

Legg til rette for rapportering av alle typar miljøundersøkingar frå oppdrett


Fiskeridirektoratet legg til rette for at alle typar miljøundersøkingar på matfiskanlegg kan rapporterast elektronisk på eit nytt felles skjema i Altinn.


– Vi har utvida det elektroniske rapporteringsskjemaet i Altinn, fortel Henrik Hareide som er sjef for tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

– Fram til no er det berre MOM-B-granskinga det har vore mogleg å rapportere elektronisk, men frå i dag kan ein også rapportere MOM-C-granskinga og andre typar miljøundersøkingar.

(Sjå i faktaboksen nedst på denne sida for ei forklaring av MOM-B og MOM-C.)

Eitt felles skjema
Fiskeridirektoratet har no laga eitt felles skjema for å rapportere alle typar miljøgranskingar.

– Det er eit mål for oss at verksemdene berre treng å bruke eitt rapporteringsskjema og berre rapportere inn undersøkinga ein gong, seier Hareide.

Fiskeridirektoratet har ein dialog med dei andre myndigheitene, slik at rapportane som næringa sender inn blir distribuert til dei etatane som skal ha dei.

Oppmodar om å rapportere alle miljøundersøkingar
Hareide oppmodar no næringa om å rapportere inn alle typar miljøundersøkingar, gjerne også tidlegare utførte undersøkingar.

– Miljøgransking er ein viktig del av verksemdene si oppfølging av drifta på den enkelte lokalitet. MOM-B-undersøkingane skal dokumentere ovanfor forvaltninga om akvakulturnæringa driv på ein berekraftig måte, seier Hareide.

Han poengterar at eit mål med å få inn fleire miljørapporter er nettopp at direktoratet skal kunne synleggjere at næringa driv berekraftig.

Fiskeridirektoratet har no laga eitt felles skjema for å rapportere alle typar miljøgranskingar. Foto:© Fiskeridirektoratet

Godt verktøy
Regjeringa si strategi for miljømessig berekraftig havbruksnæring har miljømål i høve til forureining og utslepp: «Alle oppdrettslokaliteter som er i bruk holder seg innenfor en akseptabel miljøtilstand, og har ikke større utslipp av næringssalter og organisk materiale enn det resipienten tåler».

– MOM-B-undersøkinga er eit godt verktøy for å dokumentere at drifta på lokaliteten er innanfor desse rammene og er eit viktig reiskap i internkontrollsystemet på anlegga, avsluttar Hareide.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS