Pressemelding
Linn Ullmanns Jente, 1983 blir teater
Linn Ullmanns forteljing Jente, 1983 var ein braksuksess da den blei utgitt i 2021. Romanen blei heidra med panegyriske kritikkar, eit dryss av prisar, og blei rangert mellom årets beste bøker. No er Gjertrud Jynge er klar til å formidle eg-personens tankar frå scenen, og kjenner seg godt igjen i stoffet. JENTE, 1983 - Mange av refleksjonane i romanen stemmer med mine eigne tankar. Dette med grensesetting, samtalen rundt offer og overgripar, det er ofte ikkje eintydig, seier skodespelar Gjertrud Jynge. Jente, 1983 handlar om ei 16 år gamal jente som drar til Paris. Ho er aleine, men har ein avtale om å bli fotografert av ein anerkjent motefotograf. Hovudpersonen innleier eit forhold til denne mannen som er langt eldre, og opplever baksida av ein moteindustri som driv rovdrift på unge, pene jenter som henne sjølv. Det er 1983, og det er lenge til metoo. Det er ei tid der grensene for akseptabel oppførsel var annleis. I vaksen alder forsøker eg-personen å ta eit oppgjer med fortida og med jenta ho ein gong var, ein prosess som går hardt inn på henne psykisk. Refleksjonar kring livet
Skodespelar Gjertrud Jynge har mykje tekst å lære seg, når ho skal framføre store delar av romanen frå scenen. Foto: Monica Tormassy.
EinsemdPå scenen er også den langt yngre Gina Bernhoft Gørvell. Ho er ulike personar eg-karakteren møter, men også eit slags ekko frå fortida. Regissør Luk Perceval er vidgjeten på kontonentet, men har også lykkast stort med oppsetjingar på Det Norske Teatret. Da han dramatiserte Jon Fosses Trilogien i 2019, blei han heidra med Heddaprisen for Beste regi og Jynge fekk prisen for Beste kvinnelege hovudrolle.
Regissør Luk Perceval har fleire gode samarbeid med Gjertrud Jynge bak seg. Foto: Monica Tormassy. - Jente, 1983 er ei smertefull kjærleikshistorie, meiner han. |
||
Related links |