Pressemelding

NVE - 02.07.2007

Løyve til å bygge Steindøla kraftverk

NVE har gjeve Steindøla Kraft AS løyve til å bygge Steindøla kraftverk i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 7 GWh og gje straum til om lag 350 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 275 meter over ei strekkje på om lag 1000 meter. Dette gjev ein årleg produksjon på om lag 7 GWh.
Utbygginga vil redusere vassføringa i Steindøla. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva er det fastsett ei minstevassføring i Steindøla på 160 l/s i perioden 1.mai - 30. september. Resten av året skal det sleppast 30 l/s. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS