Pressemelding
Manglande drift av skredsikrings- og skredvernstiltak i Region nord
Statens vegvesen, Region nord etterlever ikkje krav til skredsikring og skredvern når vegane i regionen skal driftast. Det meiner Vegtilsynet i ny tilsynssak. Vegtilsynet har også gjort eigne inspeksjonar i regionen.
Vegtilsynet ville undersøke om Statens vegvesen, Region nord etterlever krav til inspeksjonar av skredsikrings- og skredvernstiltak, og om funn frå inspeksjonane vert handtert i tråd med krav.
Undersøkinga omfatta fire driftskontraktar i Region nord:
1806 Bodø E6, Rv77, Rv80
1808 Narvik E6, E10, Rv827
1809 Lofoten E10
1804 Helgeland nord E6, E12
Tilsynssaka viste at regionen ikkje kan dokumentere at dei inspiserer og driftar dei utvalde objekta i driftskontraktane i tråd med krav. Dette kan medføre at funksjonen ikkje vert opprettheldt over tid, og at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett. Dette kan medføre fare for trafikantane.
Vegtilsynet fann at:
- regionen ikkje oppfyller krav til at inspeksjonsplanane tydeleg skal definere type inspeksjon og frekvens for driftskontrakt 1808 Narvik og 1809-07 Lofoten
- det er til dels store avvik mellom vegobjektlistene i kontraktane og dei faktiske forhold. Kontraktane sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert.
- objektlister i inspeksjonsplanane ikkje vert oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og planane sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert
- regionen ikkje utførar eller dokumenterer enkel inspeksjon for driftskontrakt 1808 Narvik eller 1814 Helgeland Nord i samsvar med krav
- regionen ikkje kan dokumentere at dei utvalde objekta har funksjon og utsjånad i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger
regionen ikkje utbetrar avvik i samsvar med krav til tiltakstid i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger for driftskontrakt 1806 Bodø.