Pressemelding

Fiskeridirektoratet - 14.08.2014

Miljøtiltak gjev kostnadsauke

Norske produsentar av laks og regnbogeaure hadde høg inntening i fjor, viser tal frå Fiskeridirektoratet si undersøking av lønsemd for 2013. Men auka kostnader trakk resultatet noko ned.

produksjonskostnadane har auka, og at tala gjer grunn til å tru at kostnader knytt til fiskehelse og miljø har auka monaleg.

— Eg tolkar dette mellom anna som eit teikn på at aktørane brukar stadig meir midlar på nødvendige forebyggjande tiltak i verksemda, seier Holmefjord.

Ho viser også til at produksjonen per årsverk går ned, og trur den registrerte auka i talet tilsette i næringa også reflekterer at næringa rettar stadig større merksemd på betre produksjonsrutinar og vedlikehald.

Gjennomsnittleg driftsmargin gjekk opp frå 6,5 prosent i 2012 til 26,6 prosent i 2013, medan gjennomsnittleg forteneste per kg gjekk opp frå kr 0,92 i 2012 til kr 7,63 i 2013.

Rekordhøg salspris
Gjennomsnittleg salspris per kg selt laks var kr 33,29 i 2013, medan gjennomsnittleg salspris per kg selt regnbogeaure var kr 31,46 i 2013. Vi må heilt tilbake til 1994 for å finne ein høgare gjennomsnittleg salspris per kg.

Gjennomsnittleg salspris per kg auka med høvesvis 45,1 og 39,1 prosent for laks og regnbogeaure frå 2012 til 2013.

Auka kostnader
Prisauka har ført til høgare forteneste per kg - om enn ikkje så mykje som ein kunne forvente. Det skuldast auka produksjonskostnader. Produksjons­kostnad per kg auka med 18,7 prosent frå 2012 til 2013. Gjennomsnittleg produksjonskostnad per kg var på kr 22,92 i 2013.

Dei fleste kostnadspostar auka, men størst var auken i kostnadsposten «annan driftskostnad».Annan driftskostnad er ein restpost som omfattar alt frå reparasjonar og vedlikehald, til reine administrasjonsutgifter.

Vi ser at kostnadene knytt til vedlikehald av utstyr, samt kostnader knytt til fiskehelse og miljø utgjer største delen av annan driftskostnad.Vedlikehaldskostnader utgjorde vel 39 prosent og fiskehelse- og miljøkostnader vel 17 prosent av annan driftskostnad i 2013.

Undersøkinga viser også at produksjon per årsverk har gått ned frå 2012 til 2013.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS