Pressemelding
Fiskeridirektoratet -
26.09.2012
Mistanke om rømming i Åkrafjorden
Fiskeridirektoratet region Vest mottok i går melding om at det er tatt 21 oppdrettslaks i eit overvåkingsgarn ved lokaliteten Rafdal i Åkrafjorden i Etne kommune i Sunnhordaland.
Det er også observert laks som hoppar i fjorden mellom lokalitet Alsåkervik og Rafdal.
Fisken som er fangsta har ei snittvekt på 3.9 kilo og har ikkje teikn til fôr i magen eller innhald i tarmane.
Fiskeridirektoratet Region Vest har satt i gang undersøkingar for å prøve å finne kjelda til rømminga. Så langt er status at kjelda er ukjent.
Det er venta at Fylkesmannen i Hordaland fattar vedtak om gjenoppfisking, som gjev alle løyve til å fiske og behalde fisken dei får.