Pressemelding

Kulturrådet - 12.12.2022

Musikkbransjen gjekk glipp av nærare fem milliardar kroner under pandemien

Inntektene for musikk og scenekunst fall dramatisk i pandemiåra 2020 og 2021. Samstundes auka inntektene i litteraturbransjen og den visuelle kunstbransjen, viser rapporten «Kunst i tal».

Stormen konserthus i Bodø (foto: Stormen)

- Vi ønskjer eit mangfaldig kunst- og kulturliv for alle over heile landet. Pandemien gjorde at færre fekk oppleve nettopp dette. Difor er vi i Kulturrådet opptekne av å systematisk nytte kunnskap og innsikt til å styrke kultursektoren framover, fortel Marcus Zackrisson, avdelingsdirektør for kulturanalyse i Kulturrådet.

Last ned og les hele rapporten

I 2021 er inntektene i musikkbransjen berekna til 3,3 milliardar kroner. Ser ein på 2020 og 2021 samla, som vi her kallar pandemiperioden, har inntektene i musikkbransjen falle med 39 prosent sidan toppåret 2019. Nedgangen frå 2020 til 2021 er på 6 prosent.

For scenekunst viser tala for 2021 ei samla inntekt på 480 millionar kroner. Det betyr at inntektene har falle med 64 prosent i pandemiperioden, medan nedgangen frå 2020 til 2021 isolert sett var på 23 prosent.

Dette kjem fram i rapporten «Kunst i tal» som er Kulturrådet sin årlege statistikk for omsetnad av musikk, scenekunst, litteratur og visuell kunst. Rapporten er utarbeidd av Rambøll på oppdrag frå Kulturrådet.

Gått glipp av store summar

Konsekvensen av koronapandemien er størst for bransjane som er prega av stor publikumsaktivitet. Til dømes stod konsertbillettar åleine for over 60 prosent av inntektene i musikkbransjen før pandemien. Nedstenginga av salar og scener hadde ein særs negativ innverknad på billettsalet.

- Rapporten gjev oss eit godt bilete av kva konsekvensar pandemiperioden har hatt for kulturlivet i Noreg, men òg kor samansett sektoren er og kor skeivt pandemien har ramma dei ulike kunstfelta, seier Zackrisson.

Dersom vi legg til grunn ei forventa normal utvikling frå 2019 på 5 prosent årleg vekst, hadde dei samla inntektene i musikkbransjen i 2021 vore over 6 milliardar kroner utan pandemien. Det er nesten 2,7 milliardar høgare enn dei faktiske inntektene. Det betyr at gjennom pandemiåra 2020 og 2021, med reduserte konsert- og eksportinntekter, har norsk musikkbransje hatt ein inntektssvikt på 4,9 milliardar kroner.

Utan pandemien hadde scenekunstfeltet hatt ei forventa utvikling på 3 prosent årleg vekst, det vil seie inntekter på over 1,4 milliardar kroner. Norsk scenekunst har i pandemiperioden altså tapt 940 millionar kroner, hovudsakleg grunna nedstengde salar.

Inntekstfallet i kulturverksemdene har i noko grad blitt kompensert for gjennom støtteordningar. I løpet av pandemien vart det gjeve rundt 4 milliardar kroner i tilskot til kulturlivet gjennom stimulerings- og kompensasjonsordningar. Desse midla er ikkje rekna med i omsetnadstala i denne rapporten. Koronamidla vart delt ut til kulturarrangement i ei rekke ulike sjangrar, også utanom dei fire kunstfelta som dekkast av denne rapporten.

Inntektene frå litteratur og visuell kunst har auka markant under pandemien

Av dei fire kunstområda rapporten tek for seg, er omsetnaden av litteratur den største. Samla inntekter frå litteratur utgjorde 7,1 milliardar kroner i 2021. Dette er ein samla auke på 13 prosent i pandemiperioden, og ein auke på 2 prosent samanlikna med 2020.

Inntektene i det visuelle kunstfeltet utgjorde nærare 3 milliardar kroner i fjor, noko som gjev ein auke på 54 prosent i løpet av pandemiperioden. Auken frå 2020 til 2021 er isolert sett berre på 4 prosent. Det er store svingingar i inntektene på dette feltet frå år til år, der sal av kostbare enkeltverk er ein del av forklaringa.

Dei samla inntektene i alle dei fire kunstbransjane i 2021 var 13,9 milliardar kroner. Dersom vi ser på utviklinga over dei siste to åra som markerer pandemiperioden, han kulturbransjen opplevd ein nedgang på over 1,1 milliard kroner eller 8 prosent. Nedgangen frå 2020 til 2021 er 130 millionar kroner, tilsvarande 1 prosent.

- Kulturlivet er i ferd med å kome på beina att etter pandemien, og det er behov for ei framleis styrking av kulturnæringane og kunstnarøkonomien. Samstundes trengst det eit systematisk kunnskapsarbeid som kan støtte både kultursektoren og myndigheitene i tida som kjem, forklarar Zackrisson.

Dashbord på nett

I tillegg til «Kunst i tal»-rapporten, er det publisert eit dynamisk dashbord på Kulturrådet sine nettsider. Her kan brukarane sjølve klikke seg rundt og velje grupper, filter og visningar av tala som er publisert. Dashbordet er ein fleksibel, dynamisk og brukarvennleg reiskap for dei som ønskjer eit enkelt overblikk over målingane, og for dei som ønskjer å dykke vidare ned i variablar og kunstområder. Dashbordet gjev òg moglegheit til å vise utvikling over tid og å samanlikne ulike variablar eller kunstgrupper.

Her kan du utforske dashboardet

Om Kunst i tal

I 2013 iverksette Kulturrådet eit statistikkprosjekt, på oppdrag frå Kulturdepartementet. Oppdraget gjekk ut på å utvikle ein modell for å talfeste verdien på omsetnaden i norsk musikkbransje. Prosjektet har utvikla metodar for datainnsamling, målingar og berekningar som skal kunne oppdaterast i åra framover. I 2014 vart prosjektet utvida til å omfatte ein tilsvarande modell for litteraturbransjen. I 2015 vart det visuelle kunstfeltet inkludert og frå 2016 vart også scenekunstfeltet med i statistikken.

Tala er berekna ut frå dei samla inntektene på kvart av kunstområda ved å hente inn omsetnadsstatistikk langs tre spor: opphavsrettslege inntekter, salsinntekter og inntekter frå framføring eller visning. Kvar inntektstype har potensielt også eksportinntekter. Tala er basert på bransjeaktørane sine eigne tal i tillegg til ytterlegare tal og informasjon som Kulturrådet sjølv har samla inn.

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS