Pressemelding

Natur og Ungdom - 04.10.2017

Natur og Ungdom reagerer på prøveboringer.

Berre dagar etter at aksjonistane frå forrige prøveboring er dømde kastar Nordic Mining seg i gong med nye prøveboringar på Engebøfjellet.

- Det er urovekkende at Nordic Mining på nytt skal gå i gong med prøveboringer på Engebøfjellet etter dei store prostestane under forrige boreperiode. Dette viser for oss at både staten og Nordic Mining gir blaffen i den store folkelege motstanden mot gruva. Vi ser ingen grunnlag for godkjenning av dette prosjektet, spesielt når både folket og kunnskapen går i mot, seier Magnus Storvoll Strømseth, andre nestleiar i Natur og Ungdom.

Selskapet som framleis ikkje har alle løyver på plass for verken dumping av gruveavfall i Førdefjorden, eller drifta på Engebøfjellet vil no ta ut 100 tonn malm fra fjellet. Noreg er blant fem land som framleis dumpar gruveavfall i sjø, og det einaste landet som gir ut nye løyver. 

- Når sjølv miljøværstingselskap som GoldCorp og BHP Billiton har protokollar for å aldri dumpe gruveavfall i sjø, er det uforståelig at Noreg tillèt inngrep som vil vere så katastrofale for fjordane våre. Slike inngrep kan vi aldri tillate, avsluttar Strømseth.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS