Pressemelding

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet - 08.10.2014

Navarsete: Krev eit ekstraordinært stort bistandsbudsjett!

- Alvorlege krigshandlingar og epidemiar gjer at årets bistandsbudsjett er spesielt viktig. Derfor krev Senterpartiet eit ekstraordinært stort bistandsbudsjett i år, slår Senterpartiet si utanrikspolitiske talskvinne Liv Signe Navarsete fast.

Navarsete reagerer på at regjeringa reduserer delen av Noregs formue som vert nytta til internasjonal solidaritet. For neste års statsbudsjett vil Noreg nytta 0,98 prosent av anslått brutto nasjonalinntekt til bistand.

- I Irak, Syria, Liberia, Ukraina og mange andre område veit vi at dei sivile lir under sjukdom, naud og valdshandlingar. Gjennom eit ekstraordinært bistandsbudsjett vil vi kunne gje akutt hjelp til fleire menneske som ikkje har nok mat, medisin eller helsehjelp.

Navarsete peikar på at eit veksande bistandsbehov skulle tilseie auka prioritet på dette området, ikkje mindre.

- Då Senterpartiet sat i regjering, sette vi av minst 1 prosent av Noregs bruttonasjonalinntekt til bistands- og utviklingsføremål. No er utfordringane enda større, men regjeringa løyver ein mindre del av bruttonasjonalinntekta. Det er lenge sidan verda har stått ovanfor så mange humanitære kriser på ein gong. Om det nokon gong er tid for å syne solidaritet med andre deler av verda så er det no.

- Det er trist at regjeringa er gjerrige i løyvingane til dei aller fattigaste for å finansiere enno større inntekter til dei rikaste i Noreg. Eg vonar Krf får pressa regjeringa til eit rettvist bidrag til dei som treng det mest.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS