Pressemelding
Gunvor Eldegard (A) -
29.03.2007
Ny kurs i eigarskapspolitikken
Næringskomiteen på Stortinget har i dag handsama stortingsmeldinga om eit aktivt og langsiktig eigarskap. Stortingsmeldinga varslar om ny kurs i eigarskapspolitikken. - Statleg eigarskap sikrar at bedriftene har hovudkontor og forskingsaktivitetar i Noreg, samtidig som vi sikrar privat eigarskap gjennom gode og føreseielege rammevilkår for privat verksemd, seier Gunvor Eldegard, (Ap) nestleiar i næringskomiteen på Stortinget
FrP er det einaste partiet som klart og tydeleg vil selje nesten alt av verdiar som det norske folket eig. Høgre vil, på lik linje med FrP, også redusere det statlege eigarskapet. Med andre ord ønskjer desse partia at vi skal selje arvesølvet og la marknaden styre viktige næringar for Noreg. Det er ingen investering i framtida, held Eldegard fram.
Omsyn til miljø, omstilling, mangfald, etikk, forsking og utvikling må tas med i styra sine vurderingar for å sikre ei langsiktig utvikling. Tidlegare fullmakter om nedsal av statleg eigarskap, frå førre regjering, blir trekt tilbake. Det blir også meir openheit gjennom årlege meldingar om eigarskapet. Dette er til skilnad frå den førre regjeringa, seier Eldegard.
Det er viktig at det blir lagt til rette for vidareeforedling av norske råvarer innanlands når det er eit økonomisk grunnlag for det. I tillegg blir det lagt opp til at staten stemmer nei dersom det blir gjort framlegg om opsjonar i selskap som er omfatta av det statlege eigarskapet. Det er viktig å få kontroll over leiarlønsutviklinga. - Vi er glad for at alle partia støttar Regjeringas framlegg om å opprette eit eige statleg fond for marine næringar, og vurdering av ein egen gründerbank, avsluttar Eldegard.