Pressemelding

Miljødirektoratet - 06.10.2023

Ny rapport om nasjonal naturrekneskap

 

Miljødirektoratet utviklar ein nasjonal naturrekneskap etter rammer frå FN og EU. Ein ny rapport gir status for arbeidet, som skal vere ferdig i 2026.

Kva betyr naturen for samfunn og utvikling? Miljødirektoratet reknar på dette, og skal lage ein nasjonal naturrekneskap. Det kan til dømes brukast til å lage nasjonale mål, lover og retningslinjer. Foto: Kim Abel, Naturarkivet.no.

FN har utvikla ein standardisert måte å samanlikne kunnskap, i det vi kallar ein naturrekneskap. Denne rekneskapen beskriv utbreiinga til økosystema og økologiske tilstand, og dei goda og tenestene som naturen gir oss. Desse blir ofte omtalte som økosystemtenester.  

Norske styresmakter er i gang med å etablere ein nasjonal naturrekneskap etter FNs rammar, og etter krav som er venta å komme frå EU.   

– Vi må slutte å bruke naturen som eit kredittkort utan grense. Naturrekneskapen gjer at kan vi følgje med på korleis naturen blir påverka av aktiviteten vår og kva nedbygging faktisk kostar oss i tap av natur og naturgode. Dette er ein aller første versjon som må utviklast vidare. Det er likevel eit svært viktig steg for å prioritere natur rettare i politiske avgjerder, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Første rapport viser status for arbeidet 

No har Miljødirektoratet levert første rapport om dette arbeidet til Klima- og miljødepartementet.

Rapporten tek utgangspunkt i data som allereie er tilgjengelege om norsk natur, og blir derfor rekna som eit førstegenerasjons arbeid. 

Naturregnskap basert på eksisterende data - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

Sjølv om vi har mange gode data om norsk natur, er det ikkje rett fram å bruke dei i ein naturrekneskap etter rammene sett av FN og EU.

Rapporten viser at det står att mykje fagleg utviklingsarbeid før vi har på plass ein nasjonal naturrekneskap. Fram mot 2026 skal nye metodar blir utvikla. I tillegg skal eksisterande data tilpassast, og ny informasjon blir henta inn.

– Ein naturrekneskap vil gi oss oversikt over kva gode naturen gir oss, på same måte som ein nasjonalrekneskap gir oversikt over verdiskapinga i samfunnet. Dette vil bli eit viktig verktøy i arbeidet med å nå nasjonale miljømål og internasjonale forpliktingar, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.  

For å ta arbeidet eit steg vidare, har Miljødirektoratet allereie sett i gang fleire utviklingsoppgåver og gitt oppdrag til forskingsmiljø.

Bakgrunn for oppdraget 

Noreg har slutta seg til internasjonale konvensjonar og mål om ei meir berekraftig samfunnsutvikling, og har også fastsett nasjonale mål for forvaltning av naturmangfald og naturgode.

For å kunne styre mot desse måla må naturforvaltninga byggje på relevant og oppdatert kunnskap om økosystema, og kunnskap om kva tilstand dei er i. I tillegg må vi vite kva gode og tenester naturen bidreg med, og kva betydning desse har for økonomi og samfunn. 

Endringar i bruk av areal er den viktigaste drivaren for tap av natur og naturgode. Tilstanden i naturen blir i tillegg påverka negativt av forureining, overhausting, spreiing av framande artar og klimaendringar.  

Lær meir om naturrekneskap: Naturregnskap - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS