Pressemelding
Magnhild Meltveit Kleppa -
16.10.2006
Odels- og Lagtinget snart historie
- Senterpartiet vil stemma for grunnlovsforslaget om å oppheva Odels- og Lagtinget, seier Magnhild Meltveit Kleppa, parlamentarisk leiar i Sp og medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Representantar frå Arbeidarpartiet og SV står bak dette forslaget, som no etter alle solemerke vert vedteke av Stortinget i vinter.
- Dette inneber at nasjonalforsamlinga i Noreg - som t.d. Sverige og Danmark - ikkje lenger vil ha to avdelingar. Dette er ei fornuftig modernisering av både Grunnlova og Stortinget si organisering, seier Meltveit Kleppa. Senterpartiet si stortingsgruppa har gjort vedtak om å røysta for denne reforma.
Todelinga Odels- og Lagting har i røynda to funksjonar: For det fyrste er Odelstinget påtalemakt i riksrettssaker, medan lagtingsmedlemer utgjer fleirtalet av dommarane i Riksretten. For det andre skal lovforslag handsamast fyrst i Odelstinget og dinest i Lagtinget før lovvedtak vert sende over til Kongen for sanksjonering.
- Stortinget kjem til å vedta eit grunnlovsforslag som endrar riksrettsordninga slik at lagtingsmedlemer ikkje skal vera dommarar i Riksretten, medan Stortinget i slike saker erstattar Odelstinget som påtalemakt. Dermed forsvinn éin av grunnane for todelinga av Stortinget, seier Meltveit Kleppa.
- I framtida skal lover framleis handsamast to gonger, men då av og i Stortinget i plenum. Dette gjer at lovsaker får same grundige handsaming som no, men fører også til at alle stortingsrepresentantar (ikkje berre dei som sit i Odelstinget) kan få reell innverknad på lovgjevingsprosessen. Dette er i tråd med praksis i både Sverige og Danmark, og eit demokratisk framsteg, seier Meltveit Kleppa.
Grunnlovsforslag om å oppheva Odels- og Lagtinget har tidlegare vore handsama i Stortinget i 1932, 1937, 1951 og 1954. Den 15. januar 1932 gjorde Stortinget elles eit samsrøystes vedtak om å be regjeringa utgreie oppheving av Stortingets avdelingar. Dette vart aldri fylgt opp. No - over 70 år seinare - er det over og ut for Odels- og Lagtinget.
For ytterligere kommentar kontakt Parlamentarisk leder i Senterpartiet