Pressemelding
Noregs Ungdomslag -
14.10.2005
Omfattande rasering av frivillig kulturliv
Statsbudsjettet som Bondevikregjeringa i dag la fram har fleire spark til det
frivillig kulturlivet.
Katastrofe for kulturopplæringa i frivillige organisasjonar
Tilskotta til opplæring i dei frivillige organisasjonane sine studieforbund blir
redusert med 54 millionar. Dette er dramatisk for aktiviteten, og stikk i strid med
regjeringa sine varme ord om dei frivillige.
Dette betyr reduksjonar i stønaden til opplæringsaktiviteten som skjer i alle lag
som driv lokalt kulturarbeid. Det blir meir dugnad og høgare deltakaravgifter for å
oppretthalde tilbodet. Laga er allereie særs pressa etter fleire år med
nedskjeringar.
Avviklar tilskott
Den avtroppande regjeringa har med dette budsjettforslaget fullført arbeidet med å
avvikla tilkottet over statsbudsjettet til Frifond til barn og ungdom sin
kulturaktiviteter. Dette har dei tidlegare gjort for tilskottet til den kulturelle
skulesekken og lokale kulturbygg.
Kulturministeren har no gjort store deler av det frivillige kulturarbeidet
fullstendig avhengig av folk sin speleiver.
Folkemusikken og folkedansen er blitt usynlege
Det er inga satsing på folkemusikk og folkedans i dette budsjettet, trass i at
feltet fekk brei omtale i Kulturmeldinga. Her seier kulturministeren at det trengs
særlege tiltak for å styrke folkedansen som allment kunstnarleg uttrykk, verneverdig
lokalkultur og generasjonsbindande eigenaktivitet. Satsing på slike tiltak er heilt
fråverande i budsjettframlegget.
Lokale kulturhus
Frå 2004 blei tilskott til lokale- og regionale kulturbygg fjerna frå statsbudsjettet.
I budsjettet for 2006 er det ikkje estimert kor stor løyvinga frå spelemidlane blir
til lokale- og regionale kulturbygg.
Nytt håp med ei raudgrøn regjering
Det ser no ut til at det frivillige kulturlivet har alt å vinne på ei ny regjering.
Det raudgrøne regjeringsalternativet har i si regjeringserklæring sagt at dei vil
auke den offentlege støtta til vaksenopplæring, forbetre regelverk og
støtteordningar for utbetring og bygging av lokale kulturbygg, sikre at dei
frivillige organisasjonane får sin rettmessige del av tippemidlane. Dei har òg sagt
at ei auke av overskottet frå Norsk Tipping skal kome kultur og frivillig sektor til
gode som ei reell auke.