Pressemelding
stortingsrepresentantene Gunvor Eldegard -
20.12.2006
Optimisme i norsk næringsliv
”Noreg er eit godt land å drive næringsverksemd i” sa leiaren i ein av våre største industribedrifter nyleg på eit arrangement der me var tilstades. Dette er ein god attest til den næringspolitikken som føres her i landet. Det står i kontrast til svartmalinga som har vore bore fram av opposisjonspartia på Stortinget både før og etter valet. Når me no tar juleferie i Stortinget, rår optimismen i norsk næringsliv. Verdiskapinga er svært høg, og det går godt i dei fleste bransjar. Arbeidsløysa er lågare enn nokon gang; aldri har det vore fleire sysselsette her i landet. Regjeringa har vist at den fører ein ansvarleg økonomisk politikk, noko som er viktig både for folk sin privatøkonomi og for næringslivet. Renteutviklinga er og i tråd med Bondevik-regjeringa sine prognosar.
Denne regjeringa står for ein aktiv næringspolitikk. Det betyr at staten engasjerer seg breitt for nyskaping og eit konkurransedyktig næringsliv. Dette lovde me i Soria-Moria erklæringa, og me følgjar no opp med løyvingar over statsbudsjettet. Me vil at staten skal bidra både innan forsking og utvikling, i lokalisering og i marknadsføring, i partnarskap og som tilrettelegar, i kapitaltilgang og eigarskap. Over årets statsbudsjett er det mellom anna ei historisk høg satsing på næringsretta forsking. Og den nyleg framlagte eigarskapsmeldinga ber prov om at staten skal være ein aktiv eigar og stille krav til selskapa.
Regjeringspartia vil og ta heile landet i bruk. Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgivaravgift gjer eit løft for arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Auka satsing på samferdsel og utbygging av breiband er og viktig for næringslivet.
Me må hjelpa samfunn i omstilling der arbeidsplassar forsvinn. Ferske eksempel på dette har me frå Grenlandsområdet, der bedrifter no står i kø for å etablera seg. Det går og godt i Årdal, og det ser lovande ut i Meråker. Det er nyleg sendt ut på høyring eit forslag til omstillingslov med nye tiltak som kan førebygga nedlegging av bedrifter, og som kan redusera dei negative verknadene dersom bedrifter blir lagt ned.
Denne siste veka før jul kom nyheita om at Hydro og Statoil vil slå seg saman. Med dette innleiast ei ny epoke for den norske petroleumsindustrien. Ei anna viktig industriell satsing som skriv seg inn i historia dette året kom i oktober, då staten og Statoil inngikk avtale om å etablere verdas største fullskala CO2-renseanlegg ved det planlagde kraftvarmeverket på Mongstad. Her skal det utviklast banebrytande ny teknologi.
Arbeidarpartiet vil også i det nye året satsa på næringspolitikken, og sikre fortsatt vekst og verdiskaping over heile landet. Noreg skal også i framtida være eit godt land å driva næringsverksemd i. Godt nytt år!