Pressemelding
Stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen og Sigrun Eng, Arbeidarpartiet -
30.03.2006
Pelsdyrnæring også i framtida
Det er ein ålmenn aksept her i landet at dyr blir bruka til både mat og klede. Og det er også slik at det er ein aksept for at dyr også har ein eigenverdi utover det å vere ein nytteverdi.
I dagens mediebilde ser ein av og til døme på at dyr blir vanskjøtte. Ingen kan forsvare dette. Dett er all grunn til å tru at slike dyretragediar dessverre ofte henger saman med menneskelege tragediar.
Pelsdyrnæringa har vore ei vellukka og velorganisert eksportnæring i nær 90 år. I tillegg er denne næringa ein viktig kombinasjonsnæring i distrikts-Noreg. Pelsdyrnæringa var den første husdyrnæringa i Noreg med eige forskingsprogram på dyrevelferd. I 2001 blei det laga ein eigen handlingsplan for dyrevelferd. Me meiner at denne næringa, så langt me kjenner til, er både seriøs og at den tar dyrevelferd på alvor.
Pelsdyr kjenner ingen landegrenser. Mange motstandarar av næringa gjer eit nummer av at andre europeiske land innfører forbod mot pelsdyrhald. Ei slik forbodslinje også i Noreg, ville innebere at produksjonen ville ta seg opp i andre land. Til dømes er pelsdyroppdrett i kraftig auke i Kina der dyrevern ikkje har same fokus og der regelverket er mykje dårlegare.
Mange dyrevernorganisasjonar engasjerer seg sterkt i denne saka. Arbeidet som desse organisasjonane og enkeltmenneska gjer er både prisverdig og nødvendig i eit demokratisk samfunn. Men det finnast også dei, dessverre, som oppfører seg både useriøst og udemokratiske. Ofte er det slik at dei som kjenner næringa minst, er dei som roper høgast og er sterke i sine påstandar. Sanninga blir då ofte både forvrengt og uklar.
For alle som er opptatt av miljø, vil me peike på det viktige miljøarbeidet pelsdyrnæringa gjer i samfunnet. Kvart år blir om lag 100 mill. kilo avfall, frå fiskeri, fiskeoppdrett, slakteri og næringsmiddelindustri, renovert. Dette er avfall som ikkje kan brukast til anna enn dyremat på grunn av fare for kugalskap. Alternativet hadde vore destruering som ville ha kosta næringsmiddelindustrien fleire 10.talls mill. kroner.
Vår påstand er at norsk pelsdyrnæring er leiande innan dyrevelferd og at Noreg er eit føregangsland for andre pelsskinnproduserande land. På denne måten viser norske pelsdyroppdrettarar veg internasjonalt – både innafor dyreomsorg og dyrevelferd.