Pressemelding
Samferdselsdepartementet -
09.07.2008
Rammene for vegbudsjettet ikkje fastsett
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete presiserer at oppslaget i Dagbladet i dag om eventuelle innsparingar i Statens Vegvesen er eit administrativt innspel som gjeld komande budsjettår, og at det difor er umogleg å kommentere innhaldet offentleg.
- I budsjettprosessane går mange brev mellom Samferdselsdepartementet og våre underliggande etatar. Dei er viktige grunnlag for arbeidet med budsjettet, men å ta enkeltbrev ut av sin samanheng gir ikkje noko bilete av korleis neste års budsjett vil sjå ut. Regjeringa har ikkje fastsett rammene for budsjettet enno, difor har eg heller ikkje noko grunnlag for ta avgjerd i høve eventuelle påplussingar eller kutt, og kor desse til slutt vil bli plasserte, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Samferdselsministeren understrekar at slike avgjerder vert tekne politisk. Statens Vegvesen er elles i eige brev av 12.06.2008 bedt om å prioritere trafikktryggleik, noko departementet forventar vert følgd opp. Regjeringa vil halde fram det viktige arbeidet med å sikre, utbetre og bygge ut det norske vegnettet.