Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 10.10.2008

Regjeringa aukar innsatsen for trafikktryggleik

- Ulukkestala for september viser ein nedgang i talet for drepne i vegtrafikken, samanlikna med same månad i 2007, frå 26 til 16 omkomne. Talet på skadde i vegtrafikken hittil i år ligg ein del lågare enn ved tilsvarande tidspunkt i fjor. Men til trass for at ulukkestala viser ein nedgang er det for tidleg å seie at ein er i ferd med å snu den negative utviklinga. Eg har nyleg oppretta eit eige forum der Samferdselsdepartementet på regelmessig basis vil møte representantar for ulike styresmakter og organisasjonar som er viktige i arbeidet for enda tryggare vegtrafikk.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar til Statistisk sentralbyrå sine nye tal for vegtrafikkulukker med personskade for september.

- Skal vi få til ei varig og positiv utvikling, må det til ein brei og målretta innsats for trafikktryggleik. I framlegg til statsbudsjett for 2009 foreslår difor regjeringa å doble dei statlege midlane til særskilte investeringstiltak for trafikktryggleik langs eksisterande vegar til vel ein milliard kroner. Tiltak mot dei mest alvorlege ulukkene skal prioriterast i 2009, mellom anna gjennom bygging av midtrekkverk, oppsetting av siderekkverk, bruk av sperreområde og anna midtmarkering, veglys og utbetring av kurvar og kryss, seier samferdselsminister Navarsete.

Desse tiltaka inngår som i ei eiga tiltakspakke i statsbudsjettet, som elles omfattar mellom anna bruk av automatisk strekningsvis trafikkontroll og skjerping i ordninga med prikkbelasting, der seks prikkar, mot åtte i dag, vil gje inndraging av førarkort. Denne pakka omfattar også tiltak for å sikre at tunge køyretøy er godt nok utrusta for norsk vinterføre.

I tillegg til desse tiltaka kjem trafikksikringsgevinsten ein får ved bygging av nye vegar og gang- og sykkelvegar. I 2009 skal det langs eksisterande vegar brukast 500 millionar kroner til tiltak for gåande og syklande. Det vil neste år bli opna nye vegstrekningar med 69 km firefelts vegar med fysisk skilje mellom køyreretningane. I tillegg til dette skal det byggjast og setjast i gang bygging av i alt 30 km midtrekkverk på eksisterande vegnett. Tiltaka til saman vil føre til at det på nye 100 kilometer blir eit fysisk skilje mellom køyreretningane.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS