Forslaget om meir pengar kjem i ein tilleggsproposisjon til budsjettframlegget for 2023 som blei lagt fram i dag.
Ferjekontraktane blir indeksregulerte for å ta høgde for mellom anna endringar i drivstoffprisar over tid. Auken i utgiftene til å oppfylla ferjekontraktane har vore stor. Derfor foreslår regjeringa å auka løyvinga til riksvegferjedrift med 285 millionar kroner.
– Utan dette tillegget ville det blitt vanskeleg å oppretthalda ferjetilbodet på riksvegane i 2023. Ferja er livsnerven for mange, og er avgjerande for kvardagen til både folk og næringsliv i store delar av Noreg. Derfor gjer vi denne prioriteringa no, seier Nygård.
Fleire ferjer blir gratis
I budsjettframlegget for 2023 er det gjort framlegg om å utvida ordninga med gratis ferjer frå 16. august 2023, til også å gjelda ikkje trafikksvake ferjesamband til øyar og andre samfunn utan veg til fastlandet. Målsetjinga om gratis ferjer i Hurdalsplattforma vil med dette bli oppfylt.
– Denne regjeringa ynskjer at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Noreg. Vi tek ansvar og foreslår meir pengar til ferje neste år. Det vil gjere reisekvardagen både enklare og billegare for mange folk rundt om i landet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Nokre tidlegare båtruter er no omklassifiserte til ferjesamband. Dette blei ikkje fanga opp i budsjettframlegget, men no blir det gjort framlegg om å retta det opp. Sidan dette gjeld fylkesvegferjer, foreslår regjeringa å auke rammetilskottet til fylkeskommunane med 6,5 millionar kroner. Dermed legg regjeringa til rettes for at desse rutene også kan bli gratis:
- Solfjellsjøen–Vandve i Nordland
- Brønnøysund–Sauren–Stortorgnes i Nordland
- Eidhaug–Gjerdinga i Trøndelag
- Hvalerferja i Viken
– Vi følgjer sjølvsagt opp løfta våre og sørger for at ferjer som skal vere ein del av ordninga med gratis ferjer, blir det, seier samferdselsministeren.
For å dekkje inn utgiftene til begge desse ferjetiltaka, blir midlane til mindre investeringar på riksveg redusert med 241,5 millionar kroner. Det betyr at midlane til investeringar no i hovudsak vil gå til å dekkje utgifter i igangsette prosjekt.Vidare blir løyvinga til investeringar på jernbanen redusert med 50 millionar kroner.
For meir informasjon, sjå:
|