Pressemelding
Senterpartiets medlem av utanriks- og forsvarskomiteen, Liv Signe Navarsete: -
14.05.2014
- Regjeringa prioriterer ikkje naudsynt humanitær støtte til Syria og Sør-Sudan
Regjeringa varslar auka utgifter til militære operasjonar i Syria og Sør-Sudan, men har ikkje dei naudsynte påplussingane på budsjetta til humanitær hjelp.
- Dette vert gjort i ein situasjon der den humanitære katastrofen i desse landa aukar nærast dag for dag. Denne prioriteringa er uforståeleg, seier Senterpartiets medlem av utanriks- og forsvarskomiteen, Liv Signe Navarsete.
- At regjeringa vektlegg å styrkje militære operasjonar til fordel for å betre levekåra og den håplause situasjonen dei sivile no er i tykkjer eg er trist, seier ho. Senterpartiet vil arbeide for at Stortinget gjennom si handsaming av revidert nasjonalbudsjett aukar løyvingane til humanitær hjelp ovanfor Syria og Sør-Sudan.